Olav H. Hauge-stipendet

Artikkelstart

Olav H. Hauge-stipendet er ein lyrikkpris for unge diktarar.

Olav H. Hauge-stipendet blei oppretta i 2017 og delt ut første gongen under Poesifestivalen i Ulvik i 2018. Stipendet blir delt ut annakvart år. Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet gjeld for lyrikk både på nynorsk, bokmål og dialekt.

Føremålet med stipendet er å sikre talentfulle lyrikarar betre arbeidsvilkår, stimulere unge forfattarskapar og fremje interessa for lyrikk.

Juryen for Olav H. Hauge-stipendet blir oppnemnd av Nynorsk kultursentrum og Norsk Forfattarsentrum. Haugesenteret er sekretariat for prisen. Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad.

Vinnaren får stipend på 150 000 kroner. Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut under Poesifestivalen, som blir arrangert annakvart år. I stipendperioden på to år lagar vinnaren eit verk til neste Poesifestival og deltek som utøvar på eit arrangement i regi av Haugesenteret.

Vinnarar av Olav H. Hauge-stipendet

År Mottakarar
2018 Erlend O. Nødtvedt

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg