Myrtel er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Myrtle som er laga til det engelske ordet myrtle som tyder ‘myrt’.

Myrt er den eviggrøne planta som ofte er brukt i brudekransar.

Namnet har fleire variantar: Myrtel, Myrthel, Myrthle, Myrtle.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i USA i 1894: Myrtel Olsen. Under folketeljinga 1900 var ho busett i Kongsberg. Her er det tale om ein emigrantfamilie som kom tilbake til Noreg i 1900. I USA hadde altså foreldra gitt dottera eit engelsk namn.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Myrtel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg