Myrthel er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Myrtle som er laga til det engelske ordet myrtle som tyder ‘myrt’.

Myrt er den eviggrøne planta som ofte er brukt i brudekransar.

Namnet har fleire variantar: Myrtel, Myrthel, Myrthle, Myrtle.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Myrthel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg