Mindor er eit mannsnamn som truleg er avleidd av kvinnenamnet Minda med suffikset -or. Eit anna døme er Rand-or av Randi.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var agent Mindor Brekke fødd 1862 i Ålesund, busett i Kristiania i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 190 menn (fødde i Noreg) som hadde Mindor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg