Artikkelstart
Marita Liabø er forfattar, omsetjar og tekstar i NRK som skriv barnebøker og sosialrealistiske romanar på både nynorsk og bokmål.
Marita Burmann Liabø
Marita Liabø er forfattar, omsetjar og tekstar i NRK som skriv barnebøker og sosialrealistiske romanar på både nynorsk og bokmål.
Marita Burmann Liabø er fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho er utdanna cand.philol., med hovudfag i engelsk frå Universitetet i Bergen i 1996, har norsk og litteraturvitskap i fagkrinsen og tok praktisk-pedagogisk utdanning i 2006. Ho har arbeidd i hotellbransjen, i Posten, som lærar, med utdanningsforsking og som tekstar i NRK.
Ho debuterte i 1999 med romanen Tempus Fugit, og 2000 kom Brytning. Begge romanane er seriøse og samfunnskritiske og handlar om forholdet mellom mann og kvinne. Romanen Han liker meg (2001) handlar om menneskeskjebnar, medan Mafia (2004) handlar om backpackarar og rollespelet Mafia.
Etter fire romanar på bokmål kom dei neste på nynorsk. Pusteproblem (2014) handlar om ei kvinne som er i ferd med å miste kontrollen over livet sitt. Under brua (2006) er ein humoristisk og intelligent kjærleiksroman. Romanen Hoppe naken (2007) er ein frittståande og humørfylt etterfølgjar, karakterisert som ei blanding av ei vestlandsk folkelivsskildring og ein utviklingsroman.
Barnebøkene Vida Vagabond blir haimat (2009) er eit reiseeventyr, og Jenny blir knallhard (2010) handlar om å utfordre seg sjølv. Liabø har òg omsett fleire bøker frå engelsk, mellom anna barneboka Du er en fæl mann, herr Grim (2009) av Andy Stanton og fleire av fantasybøkene til Terry Pratchett.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.