Halvor Folgerø

Faktaboks

Halvor Folgerø
Født
3. februar 1967, Stord, Vestland
Halvor Folgerø er journalist, musikar og humorist. Saman med Finn Tokvam har han stått for ei fornying av vestlandshumoren. I 2008 fekk Folgerø og Tokvam Målprisen frå Noregs Mållag for arbeidet sitt.
Av /Det Norske Samlaget.

Artikkelstart

Halvor Folgerø er journalist, musikar og humorist. Gjennom dei to siste tiåra har han, i tospann med Finn Tokvam, stått for ei fornying av vestlandshumoren gjennom radioprogram, bøker, revyar og musikalske innslag.

Bakgrunn og NRK-karriere

Halvor Folgerø er fødd på Stord i Vestland. Han fullførte journalistutdanning ved Høgskulesenteret i Rogaland i 1991. Seinare har han vore tilsett i NRK, først i Rogaland og så i Bergen. Frå 2002 dreiv Folgerø det nynorske humorprogrammet «Radio Røynda» saman med Finn Tokvam. Han har elles mellom anna leidd programma «Mediemenerne» og «Førkveld», og han bidreg i Linda Eides TV-program «Eides Språksjov».

Annet

Folgerø debuterte i 2005 med romanen Tyl, som han skreiv saman med Finn Tokvam. Seinare har han skrive portrettboka Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland (2012). Han turnerte i fleire år med humorrevyen «Vestlandsrevyen», saman med mellom andre Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Olav Stedje.

Folgerø er også bassist og fagottist, og har spela saman med eit stort utval av artistar, blant dei Aftenlandet, Stavanger Gospel Choir, Kenneth Sivertsen og Line Dybedal. Ved sida av Finn Tokvam utgjer han kjernen i humorbandet Finn-Erix. I 2008 fekk dei to Målprisen frå Noregs Mållag for arbeidet sitt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg