Kolbjørn Aune

Faktaboks

Kolbjørn Aune
Født
17. september 1940, Hemne (no Heim kommune), Trøndelag

Kolbjørn Aune er forfattar og historikar. Han har skrive bøker og artiklar innanfor historie, språk og kultur. I tjue år var han tilsett som museumsstyrar ved Hemne bygdemuseum.

Bakgrunn

Kolbjørn Aune er fødd i Hemne (no del av Heim kommune) i Trøndelag. Han vart cand.philol. i 1970 ved Universitetet i Oslo, med norsk som hovudfag, historie mellomfag og folkeminnevitskap grunnfag.

Verksemd

Aune har vore redaksjonssekretær i Norsk stadnamnleksikon (1970–73), lærar ved Orkdal gymnas (1963–65), museumsstyrar ved Hemne bygdemuseum (1987–2007) og forfattar av bygdebøker (1972–95, deltid). Vidare har han vore skribent i spalta «Øyeblikket» i avisa Sør-Trøndelag sidan 2006. Frå 1971 har han drive slektsgarden på Holla i Heim kommune.

I 1964 var Aune ein av initiativtakarane til reetableringa av Fosen historielag, og same året vart han vald til sekretær i laget. Sidan har Aune hatt ulike styreverv i historielaget i fleire periodar. Elles har han hatt styreverv i mellom anna Trøndelag folkemuseum (Sverresborg) (1994–99), Sør-Trøndelag museumslag (1981–88), Hemne kulturstyre (1980–83), Hemne museumsstyre (1971–87) og Hemne og Snillfjord Sau og Geit (2000–09).

Aune har vore aktiv som redaktør, forfattar og medforfattar i ulike samanhengar. Fagområda hans har vore lokalhistorie, kulturhistorie, målføre, namnegransking, folkeminnevitskap og folkelivsgransking. Frå 1965 var Aune ein av redaktørane for Årbok for Fosen (utgitt av Fosen historielag), og 2014 var siste året hans som redaktør her. Han har òg vore redaktør for Fosens historie, band 1 (2005) og redaktør og medforfattar for Fra bunke til tine. Melk og meieri i Hemnedistriktet (1998). Av andre bøker kan nemnast Sledenemninga. Ordgeografisk studie med kart (1976), Dem snakka på ‑o. Dialekten i Hemne (1985), Hemneboka. Andre bandet. Bygdesoge frå 1930-åra til 1940 (1979), Segn – tru – skrøne. Ni artiklar om folkeminne (1975), Dyr i tradisjonen (1981) og Hemnværingen og orda (2006).

Utmerkingar

I 1985 fekk Kolbjørn Aune kulturprisen for Hemne kommune.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg