Sør-Trøndelag - avis

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Sør-Trøndelag er ei dagsavis i Orkanger, grunnlagt 1908. Avisa kjem ut tre gonger i veka. Lokalavis for Orkdal, Skaun, Meldal, Hemne, Snillfjord, Agdenes og Rindal. Eigd av Polaris Media ASA. Redaktør: Anders Aa. Morken.

Avisa Sør-Trøndelag på Orkanger er det einaste som har overlevd av mange bladtiltak i Orkla-dalføret. Sør-Trøndelag greier seg til gjengjeld godt som samlande, uavhengig lokalavis.

Historie

Av dei ofte spinkle bladtiltaka som opp gjennom åra har gløtta fram i Orkla-dalføret, er avisa Sør-Trøndelag på Orkanger den einaste som har greidd seg. Ho kom frå 1908 som Søndre Trondhjems Amtstidende, frå 1920 som Sør-Trøndelag. Enno i 1950-åra kunne ein høyre eldre menneske i dalføret snakke om «Amsti'na». Det vanlege var «Sørtrønder'n». På dagens grasrotmål blir det gjerne til «Søra».

Dei fleste av dei vel hundre åra har avisa kome ut tre dagar i veka, så fire ei stutt tid. Sidan hausten 1981 har den rørige hundreåringen kome fem dagar, frå og med tysdag.

«Søra» markerer seg som distriktsavis serleg i Hemne, Snillfjord, Agdenes, Meldal, Orkdal og Skaun i Sør-Trøndelag fylke, og dessutan i Rindal i Møre og Romsdal. I desse sju kommunane bur det rundt rekna 30 000 menneske, av dei ein dryg tredel i Orkdal, der dekninga er nær 70 prosent. Elles er opplaget på noko over 6000, spreidd noko ujamt – frå vel 63 prosent i Meldal til om lag 30 i Skaun og Rindal. Ikkje lenge etter starten prøvde avisa gjennom oppkjøp, men utan serleg hell, å få fotfeste i Gauldalen, og dekte Oppdal og Rennebu. Avisa heldt seg òg ei tid med utanriksspalte.

Det var boktrykkjaren Rasmus Kongsvik som fekk avisa i gang. Etter nokre få år kom ho over på fleire lokale hender. Både den gongen, og då avisa kom ut ved frigjeringa etter å ha vore stansa sidan hausten 1942, blei det presisert at ein hadde å gjere med ei Venstre-avis, noko det lenge var lett å lese seg til. Som elles i norsk presse bleikna partistempelet etter kvart og er no for lengst borte. Nokre år fram til 1991 var Dagbladet innom på eigarsida, men i 1999 blei avisa dotterselskap i Adresseavisen-gruppa. Dermed er ho no blitt ein del av Polaris-konsernet.

Godt synleg gjennom det første halvsekelet står profilen til lærar og redaktør Erik Aarvik, ein særmerkt mann med ein glitrande penn, som han kunne dyppe i honning, men òg i eiter, om han ein sjeldan gong tykte det måtte til. Ein annan markant redaktør var den seinare kjende forfattaren Per Hansson. I åra rundt 1950 stod Per Hansson hardt på for å spreie avisa også utanfor dalføret. Særleg Rindal og Hemne-distriktet låg han på hjartet. Det har lenge vore tydeleg at dette førte fram.

Med sine vel hundre år er «Søra» i tida, som det heiter, med ei nettavis som har ambisjon om å bli «ultralokal».

Avisen ble grunnlagt 1908 som Søndre Trondhjems Amtstidende, nåværende navn fra 1920. Sør-Trøndelag var tradisjonelt en Venstre-avis, formelt uavhengig fra 1996. Adresseavisen overtok flertallet av aksjene i 1991, og fra 2009 ble Sør-Trøndelag en del av det nye Polaris-konsernet.

Opplag

År Opplag
1920 2600
1932 2500
1950 3088
1960 4516
1970 4579
1983 7598
1998 7205
2008 7293
2015 5991

Lesartal

Totale lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2015 var 28 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Fyrste ordinære nummer: 15.9.1908 med namnet: Sørnde Trondhjems Amtstidene.
  • Namnskiftet til Sørtrøndelag frå 3.1.1920 – 29.9.1932.
  • Fyrste nummmer etter krigen: 1945
  • Gauldølen: 15.12.1906 – 29.6.1909, deretter opptatt i Søndre Trondhjems Amtstidene.
  • Orkdølen, fyrste nummer truleg 1891 – 31.3.1914, deretter opptatt i Søndre Trondhjems Amtstidene.
  • Fjellposten fyrste utgåve 5.1.1907 – 3.7.1918, deretter opptatt til i Søndre Trondhjems Amtstidene.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg