Kjartan Rødland

Faktaboks

Kjartan Rødland
Født
29. november 1938, Bolstadøyri, Voss

Kjartan Rødland er ein norsk journalist, redaktør og forfattar. Rødland var sjefredaktør i Bergens Tidende frå 1977 til 1986. Han er forfattar av eit trettitals bøker med lokale og regionale emne.

Bakgrunn

Rødland er fødd på Bolstadøyri i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas i 1957.

Journalistikk

Rødland si pressekarriere starta i 1956 og varte til 2000. Han var journalist i Dagen frå 1956 til 1957, i Raumnes frå 1957 til 1959, Nordlands Framtid frå 1960 til 1963, Helgeland Arbeiderblad frå 1963 til 1967, Fædrelandsvennen frå 1967 til 1969 og i Bergens Tidende frå 1969 til 1971.

Han var informasjonssjef i Bergen kommune frå 1972 til 1977, spesialrådgivar for Universitetet i Bergen frå 1988 til 1989 og informasjonsdirektør i Oslo kommune frå 1990 til 1991. Han var deretter redaktør i Bergens Tidende frå 1991 til 2000.

Etter at Rødland gjekk av som sjefredaktør i Bergens Tidende, var han sjefredaktør i avisa Vestkysten, som han var med og grunnla, frå 1986 til 1987.

Politikar

Kjartan Rødland var i ungdomsåra politisk aktiv, først i Unge Venstre, deretter i AUF. Ved stortingsvalet i 1989 var han valkampleiar for Hordaland Høgre.

Utgjevingar

Han har gitt ut ei rad bøker, mellom anna om Nordhordland kraftlag (1994), skuleskipet Statsraad Lehmkuhl (1998), Bergensbanen (1999), vegar i Hordaland (2000), Modalen kommune (2010) og pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen (2010).

Utmerkingar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk, Oslo 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg