Faktaboks

Dagen
Offisielt namn
DAGBLADET DAGEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bergen
Stifta
1919
Dagleg leiar
Christer Skoge
Styreleiar
Samuel Vegard Skrunes
Logo
Logo
Av .

Dagen er ei kristeleg norsk dagsavis, stifta i 1919. Avisa har redaksjon i Bergen, kjem ut på papir og som e-avis seks dagar i veka, og blir utgjeven av Dagbladet Dagen AS.

Vebjørn Selbekk har vore ansvarleg redaktør sidan 2010.

Utanom nyheitsreportasjer ligg hovudvekta på stoff av religiøs, oppbyggjeleg art, og avisa fekk etter kvart ein sterk posisjon i vestlandsbygdene. Dagen vart stansa i 1942 for å unngå nazifisering, og kom ikkje ut att før krigen var slutt. Avisa blei slått saman med Magazinet, og kom i perioden 2008-2011 ut under namnet DagenMagazinet. Frå 1. april 2011 heiter avisa igjen Dagen. Blant redaktørane kan nemnast Johannes Lavik (1919–52), Arthur Berg (1956–85) og Finn Jarle Sæle (1985-99).

Digitalt

Dagen starta med nettavis i 2001, og tok i 2016 i bruk såkalla betalingsmur for andre enn abonnentar. Aktualitetspodkasten «Tore og Tarjei» kjem kvar veke. I tillegg produserer Dagen historieforteljande podkastar som t.d. «Levende Ords vekst og fall» og «Kirkebrannene».

Historie

Avisa Dagen blei grunnlagd av stillferdige menn frå det vestlandske kristenlivet i 1918. Men redaktørane i hovudorganet for det kristenkonservative Noreg har vore menn som gjerne har søkt striden.

Det var noko stillferdig over det då ei gruppe leiande menn frå vestlandsk kyrkje- og kristenliv i 1918 vedtok å opprette eit «kristelig dagblad» i Noreg, slik ein alt hadde i Sverige og Danmark. Programmet inneheldt ingen brodd mot den andre pressa eller mot samfunnsutviklinga, ein ville heilt enkelt etablere ei dagsavis som i tillegg til å vere «et almindelig godt redigeret dagblad» også skulle «holde leserne underrettet om det kristelige liv og arbeide».

Når Dagen likevel har framstått som eit kristenkonservativt kamporgan med kontroversielle meiningar, er det ikkje minst på grunn av to markante redaktørar, som begge sat i over 30 år på redaktørkrakken i Bergen: Johs. Lavik og Arthur Berg.

Radikal jurist

Juristen Lavik hadde røtene sine i vestlandsk lågkyrkjeleg kristendom og var på fleire måtar ein radikalar då han blei kalla som første redaktør i Dagen. Mellom anna hadde han «sterke pasifistiske tilbøyeligheter». Han markerte seg som ein sjølvstendig redaktør i høve til styret og eigarorganisasjonane. Ein av aksjonærane klaga over at «redaktøren var noget radikal i sociale spørsmål, og at dette kanskje kunde ha innflytelse på forretningsstandens annoncering».

Økonomien var vanskeleg dei første åra. Dagen tok ikkje inn annonsar for tobakk, alkohol, kino, teater og anna tidtrøyte, og tapte inntekter på det. Situasjonen betra seg etter at avisa kom i eige hus i Sparebankgaten i Bergen.

Arthur Berg-epoken

Arthur Berg
Redaktør Arthur Berg markerte seg sterkt i den offentlege debatten på 1960-, 1970- og 1980-tallet. Engasjement hans var særleg konsentrert om eit utval «hjartesaker»: kampen for friskulane og mot abortlova, kjærleiken til Israel, kampen mot norsk EU-medlemskap – og ikkje minst målsaka. Arthur Berg sitt konservative bibelsyn gjorde han til ein innbiten motstandar av kvinnelege prestar. Han vedkjende seg eit gamalt kjønnsrollemønster og eit mannleg «riddar-ideal» som han meinte innebar den høgaste respekten for kvinna. I ein av dei minneverdige leiarartiklane hans gjekk Berg til angrep på den såkalla «unisex-moten» og slo med fynd og klem fast at: «Kvinner som går med bukser med smekk i, står for en anatomisk løgn!»
Arthur Berg
Av /Bergens Tidende.

Bortsett frå opphaldet under krigen, då avisa blei mellombels stoppa, var Johs. Lavik redaktør heilt til han døydde i 1952. Etter dette oppstod det ein intens, vond og langvarig strid om ny redaktør i Dagen, som etter kvart kulminerte med at Arthur Berg blei sjefredaktør. Arthur Berg, fødd og oppvaksen i Vestfold og med politiske røter i Venstre, blei ein markant talsmann for den vestlandske lekmannskristendomen. Med klokkeklar argumentasjon og på ein kraftfull, konservativ nynorsk leverte den debattglade redaktøren sine analysar og kommentarar til aktuelle saker – både i eiga avis, på tallause folkemøte og i radio- og fjernsynsdebattar.

Berg sat som redaktør til 1986 og blei etterfølgd av Finn Jarle Sæle, Odd Sverre Hove og frå 2010 Vebjørn Selbekk. Den meiningssterke tradisjonen har halde fram, og det har også til tider vore sterke konfliktar mellom redaktøren og styret. Redaksjonelt legg Dagen stor vekt på debattstoff, både på papir og nett.

I 2007 fusjonerte Dagen med den meir frikyrkjelege avisa Magazinet, kjent ikkje minst for publiseringa av dei omstridde Muhammed-karikaturane.

Opplag

Opplagstall for Dagen, 1986-2022

1986 11454
1988 10779
1990 12494
1991 12504
1992 12399
1993 12400
1994 12351
1995 12124
1996 11461
1997 11263
1998 11041
1999 9677
2000 8310
2001 8453
2002 8621
2003 8628
2004 8892
2005 8980
2006 8936
2007 9033
2008 10995
2009 10246
2010 9946
2011 10060
2012 10825
2013 10352
2014 9742
2015 9142
2016 9065
2017 9419
2018 9986
2019 11636
2020 13313
2021 13342
2022 15611
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1920 11–12 000
1932 10 000
1950 16 669
1973 10 126
1991 12 504
2008 10 842
2015 8 533
2019 11 636
2020 13 313
2021 13 342
2022 15 611

Fakta

  • Fyrste nr: 30.8.1919
  • Foreløpig stans frå 1.5.1942
  • Fyrste nr. etter krigen 9.5.1945
  • Nettavis frå 4. mai 2001

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Nygård, Gustav & Finn Wiig Sjursen: 50 års vardevakt for kristen tro og tanke, 1969

Faktaboks

Dagen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser; 73.120 Medieformidlingstjenester

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg