Kasper er eit mannsnamn som har persisk opphav. Det tyder ‘skattemeister’.

Namnet har fleire variantar: Caspar, Casper, Kaspar, Kasper.

Namnedag er 9. mai. Jesper har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Kasper

Kulturell bruk

  • Dei tre røvarane Kasper, Jesper og Jonatan i «Folk og røvere i Kardemomme by» (1955) av Thorbjørn Egner. Kasper og Jesper hos Egner har same språklege bakgrunn (persisk).

Kjende personar med namnet Kasper

Eksempel på ein person med namnet Kasper som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 424 menn i Noreg som hadde Kasper som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 177 gutar som fekk namnet Kasper, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kasper og Casper slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Kasper og Casper fekk eit sterkt oppsving rundt år 2000, og dette kan nok sjåast i samanheng med den allmenne interessa for bibelske namn på denne tida. Men truleg har også Kasper – i trekløveret Kasper, Jesper og Jonathan – medverka til populariteten.

Utvikling i bruk av namnet Kasper frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kasper frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kasper på 1800-talet.

Kasper var klart mest brukt i Akershus.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kasper på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kasper var klart mest brukt i Akershus. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Casper.)

Historisk bruk av namnet Kasper
Historisk bruk av namnet Kasper
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg