Jónas Hallgrímsson

Faktaboks

Jónas Hallgrímsson
født:
16. november 1807, Hraun, Öxnadalur
død:
26. mai 1845, København
Protokollar for skulen ved Bessastaðir set fødselen til 16. oktober
Jónas Hallgrímsson (1807–45)
Jónas Hallgrímsson
Av .

Jónas Hallgrímsson var ein islandsk diktar og naturvitskapsmann. Han var ein av Islands fremste representantar for den romantiske retninga, og han blir også rekna som ein av grunnleggjarane av moderne litteratur på Island.

Jónas Hallgrímsson budde i Danmark frå 1832, men arbeidde med naturvitskaplege undersøkingar på Island i lengre periodar.

Jónas Hallgrímsson høyrde til krinsen kring tidsskriftet Fjölnir som han var med på å starte i 1835, der også dikt og artiklar han hadde skrive, kom på prent. Tidsskriftet kom til å spele ei viktig rolle i atterreisinga av islandsk nasjonalt medvit.

Diktsamlinga Ljóðmæli vart utgjeven posthumt i 1847. Den nasjonale diktninga hans, som til dømes Ísland og Gunnarshólmur, vart viktige i kampen for fridom og sjølvstende for islendingane og betyr framleis mykje for nasjonal identitet hjå islendingane. I diktninga er han prega av romantikken, men fleire av dikta er også ironiske, og nokre fører nytenkinga frå opplysningstida vidare. Jónas fornya dei gamle islandske verseformene, men dikta også i utanlandske verseformer – til dømes skreiv han den fyrste islandske sonetten, Ég bið að heilsa.

Jónas Hallgrímsson skreiv også noveller, eventyr og litterær kritikk og var verksam som gjendiktar, mellom anna av Heinrich Heine. I tillegg leverte han viktige naturvitskaplege arbeid om islandsk natur.

Jónas Hallgrímsson er ein av Islands største diktarar, og han har hatt svært mykje å seie for nasjonal og kulturell identitet på Island gjennom både 1800- og 1900-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Páll Eggert Ólason 1948–52. Íslenzkar ævisskrár frá landnámstímum til ársloka 1940, I–V. Reykjavík: Hið íslenzka bókmenntafélag. III,334–5.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg