Faktaboks

Iris Murdoch
Dame Iris Murdoch Jean Iris, Dame Murdoch
Uttale
mˈə:dåk
Fødd
15. juli 1919, Dublin, Irland
Død
8. februar 1999, Oxfordshire, Storbritannia
Iris Murdoch, 1987
Iris Murdoch, 1987
Av /Getty Images.
Iris Murdoch
Ungdomsbilde
Iris Murdoch
Av /𝒲.

Iris Murdoch var ein britisk romanforfattar og filosof. Ho var fødd i Irland av irske foreldre og budde heile livet i Storbritannia.

Etter debuten med romanen Under the Net (1954) publiserte ho til saman 26 romanar som har plassert henne sentralt i britisk etterkrigslitteratur. I romanene tar Murdoch opp spørsmål om mellommenneskelege relasjonar, moralske verdiar som godt og vondt, og makta som det umedvitne har i personane sine handlingar, tankar og prioriteringar.

Murdoch var også ein betydeleg filosof, og mange tema som ho drøfter filosofisk, dramatiserer ho i fiksjonen ho skreiv. I 1978 blei ho tildelt Bookerprisen for romanen The Sea, the Sea.

Biografi

Då Iris Murdoch blei fødd i Dublin i 1919, var Irland enno ikkje ein sjølvstendig nasjon. Foreldra trefte kvarandre i Dublin året før, medan faren hadde permisjon frå teneste i Frankrike under første verdskrigen. Familien flytte til London like etterpå og Murdoch vaks opp og gjekk på skule i London og Bristol. I 1938 tok ho til å studere filosofi og klassiske fag ved University of Oxford, og etter krigen vidareførte ho filosofistudiane ved University of Cambridge.

I 1948 blei Murdoch medlem («fellow») av St. Anne’s College, Oxford, der ho underviste i filosofi til 1963. I 1956 gifte ho seg med John Bayley, professor i engelsk litteratur ved University of Oxford 1974–1992. Dei to levde i eit utradisjonelt ekteskap der Murdoch hadde ei rekke forhold med ulike personar.

I 1987 blei Murdoch utnemnd til Dame Commander of Order of the British Empire. I 1997 fekk ho diagnosen Alzheimers sjukdom, og ho dødde i Oxford to år seinare.

Bayley skreiv to bøker om samlivet med Murdoch: Iris: A Memoir (1998) og Iris and the Friends (utgitt etter at ho dødde i 1999). I Richard Eyers film Iris (2001), som er basert på memoarane til Bayley, blir Murdoch framstilt av Kate Winslet og Judi Dench.

Litterær forfattarskap

Murdoch står litt på sida av den modernistiske tradisjonen i britisk 1900-tals litteratur, representert ved mellom anna Virgina Woolf. I staden knyter ho an til den realistiske tradisjonen frå 1800-talet, representert ved mellom anna George Eliot. Samtidig bryt ho med den realistiske romanen, for eksempel gjennom den eksperimenterande forteljemåten i The Black Prince. Romanane er originale, særleg gjennom koplinga til filosofien som Murdoch sjølv utvikla – og som ho prøver ut og dramatiserer litterært.

Påverknaden frå Shakespeare er sterk og tydeleg gjennom heile forfattarskapen. Sjølv har ho påverka og inspirert britiske forfattarar som A. S. Byatt (som skreiv ein tidleg studie av Murdoch) og Ian McEwan.

Romanar

Blant dei viktigaste romanane er

  • Sandslottet (originaltittel: The Sandcastle, 1957)
  • Klokken (originaltittel: The Bell, 1958)
  • Den italienske piken (originaltittel: The Italian Girl, 1964)
  • Nederlag med ære (originaltittel: A Fairly Honourable Defeat, 1970)
  • The Black Prince (1973)
  • The Sacred and Profane Love Machine (1974)
  • The Sea, the Sea (1978)

Murdoch debuterte med romanen Under the Net (1954), som skildrar unge, rotlause intellektuelle i eit moderne London i rask endring etter andre verdskrigen. Sjølv om denne boka vekte oppsikt, kom gjennombrotet hennar som romanforfattar med Klokken (1958). Den psykologiske realismen i personskildringa i Klokken utviklar og nyanserer ho i seinare romanar frå Et avhugget hode (1961) og framover. Murdoch skreiv dei viktigaste romanene sine i 1970-åra. To illustrerande eksempel på spennvidda i tematikk og forteljemåte er The Black Prince (1973) og The Sacred and Profane Love Machine (1974).

The Black Prince er ein kompleks roman der hovudersonen Bradley Pearce er ein frustrert romanforfattar som har utgitt to romanar, men som har hatt skrivesperre dei siste 20 åra. Han søkjer etter det store idealet, kunstverket som vil gi den fullkomne presentasjonen av det gode og vakre. Men når Bradley blir involvert i hendingar og konfliktar med personane rundt seg, får han problem med å harmonisere søkinga etter idealet med realitetane han møter – ikkje minst når han forelskar seg. Eit originalt grep er at etter at Bradley (som er forteljar i romanen) har skrive sin versjon av handlinga, lèt Murdoch dei andre personane få lese denne versjonen, som dei så kommenterer og kritiserer frå sine varierande perspektiv. Til slutt lèt så Murdoch ein «redaktør» reflektere over både Bradleys framstilling og dei andre personanes kommentarar.

I The Sacred and Profane Love Machine brukar Murdoch ein tredjepersonsforteljar til å presentere hovudpersonar med varierande verdiar og med handlingsmotiv som skaper konfliktar i plottet og driv det framover. Harriet trur ho lever i eit lykkeleg ekteskap med mannen Blaise, inntil Blaises elskarinne, Emily, tvingar Blaise til å skrive til Harriet om forholdet dei to har tatt i mange år. Konsekvensane blir dramatiske, og i forviklingane utover i plottet avslører og representerer personane ulike moralske verdiar. Etter at Harriet – som er innstilt på å hjelpe andre, inkludert ein son som Blaise har med Emily – blir eit tilfeldig offer i ein terroristaksjon, brukar Murdoch brukar dei andre personanes varierande reaksjonar på hennar død til å nyansere og skjerpe dei etiske spørsmåla i romanen.

Sjølv om desse to eksempla viser at Murdochs forteljemåte varierer frå roman til roman, er det eit gjennomgripande mønster at romanpersonane, som gjerne er frå øvre britisk middelklasse, blir konfronterte med ulike moralske dilemma. Desse blir ofte framprovoserte av hendingar i plottet som kjem overraskande på personane og som får dei til å vise nye sider ved seg sjølve. Dette gjeld også romanen Murdoch fekk Bookerprisen for, The Sea, the Sea. Her framstiller Murdoch sider ved, og konsekvensar av, makt og tap ved å fortelje om ein pensjonert teaterregissør som blir overvelda av sjalusi då han etter fleire tiår møter igjen ei kvinne han elska. Murdoch moraliserer ikkje, men ho framstiller ikkje alle moralske verdiar som like gode. Romanane viser kor vanskeleg, men samtidig viktig, søkinga etter det ho i filosofien sin kalla «det Gode», faktisk er.

Fleire av romanane er blitt adapterte til film og TV, inkludert ein britisk TV-serie basert på An Unofficial Rose og Klokken.

Dikt

Sjølv om ho primært var romanforfattar, skreiv Murdoch også dikt. Ei autorisert samling av dikta hennar er Poems by Iris Murdoch (redaktørar Paul Hullah og Yozo Muroya, 1997).

Filosofi

I 1953, eit år før romandebuten, gav Murdoch ut ein studie av den franske filosofen Jean-Paul Sartre: Sartre: Romantic Rationalist. Ho var aktiv som filosof parallelt med den skjønnlitterære forfattarskapen og publiserte mellom anna The Sovereignty of Good (1970) og Metaphysics as a Guide to Morals (1992).

Som filosof var Murdoch påverka av Simone Weil og av Platon. Inspirert av Platon argumenterer ho i Metaphysics as a Guide to Morals for at moralske verdiar blir utforma ved å vende seg mot «det transcendentale Gode» og tene det Gode utan å forvente belønning. Det Gode som kategori og mål knyter Murdoch til ei form for kjærleik som vender seg mot andre menneske i praktiske livssituasjonar.

Den amerikanske filosofen Martha Nussbaum meiner at Murdoch har gitt eit vesentleg bidrag til moralfilosofien ved å understreke verdien av menneskeleg erfaring og av å vere merksam på, og innstilt mot, andre. Andre filosofar og teologar som sluttar seg til, men samtidig nyanserer Nussbaums vurdering, inkluderer Charles Taylor, Davis Tracy og Paul S. Fiddes. Fiddes ser i romanane til Murdoch, og særleg The Black Prince, ekko av Derridas filosofi.

Inger-Sophie Manthey har omsett ei rekke av Murdochs romanar til norsk, og Elin Svenneby presenterer i studien Iris Murdochs velvalgte ord (2019) forfattaren for norske lesarar.

Omsetjingar til norsk

  • The Sandcastle (1957). Sandslottet. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1961 og 1995.
  • The Bell 1958). Klokken. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1961.
  • A Severed Head (1961). Et avhugget hode. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1962.
  • An Unofficial Rose (1962). En uoffisiell rose. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1963.
  • The Italian Girl (1964). Den italienske piken. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1965.
  • The Red and the Green (1965). Rød påske. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1969.
  • The Time of the Angels (1966). Englenes tid. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1967.
  • The Nice and the Good (1968). Hver tar sin. Omsett av Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1968.
  • Bruno's Dream (1969). Brunos drøm. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1970.
  • A Fairly Honourable Defeat (1970). Nederlag med ære. Omsett av Inger-Sophie Manthey. Oslo: Gyldendal, 1972.
  • The Sovereignty of God (1970). Det godes suverenitet. Omsett av Kjetil Røed. Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Antonaccio, Maria og William Schweiker (red. 1996). Iris Murdoch and the Search for Human Goodness. Chicago: University of Chicago Press.
  • Bayley, John (1999). Iris: A Memoir of Iris Murdoch. London: Time Warner Books.
  • Broackes, Justin (red. 2012). Iris Murdoch: Philosopher. Oxford: Oxford University Press.
  • Byatt, A. S. (1994). Degrees of Freedom: The Early Novels of Iris Murdoch. Først utgitt 1965. London: Vintage.
  • Conradi, Peter J. (2001). The Saint and the Artist: A Study of the Fiction of Iris Murdoch. Først utgitt 1986. London: Harper Collins.
  • Conradi, Peter J. (2001). Iris Murdoch: A Life. London: Harper Collins.
  • Fiddes, Paul (2012). «Murdoch, Derrida and The Black Prince». I Iris Murdoch: Texts and Contexts, red. Rowe og Horner, s. 91–109.
  • Fiddes, Paul (2022). Iris Murdoch and the Others: A Writer in Dialogue with Theology. London: Bloomsbury.
  • Heusel, Barbara Stevens (1995). Patterned Aimlessness : Iris Murdoch's Novels of the 1970s and 1980s.
  • Lothe, Jakob (2023). «Variants and Consequences of Violence in Iris Murdoch's The Sacred and Profane Love Machine». Kap. 4 i Cassandra Falke, Victoria Fareld og Hanna Meretoja (red.), Interpreting Violence: Narrative, Ethics and Hermeneutics, s. 59-71. London: Routledge.
  • Martin, Priscilla og Anne Rowe (2010). Iris Murdoch: A Literary Life. New York: Palgrave Macmillan.
  • Nussbaum, Martha (1996). «Love and Vision: Iris Murdoch on Eros and the Individual». I Iris Murdoch and the Search for Human Goodness, red. Antonaccio og Schweiker, s. 29–53.
  • Rowe, Anne og Avril Horner (red. 2012). Iris Murdoch: Texts and Contexts. New York: Palgrave Macmillan.
  • Svenneby, Elin. Iris Murdochs velvalgte ord. Filosofi og fiksjon. Emilia, 2019.
  • Taylor, Charles (1996). «Iris Murdoch and Moral Philosophy». I Iris Murdoch and the Search for Human Goodness, red. Antonaccio og Schweiker, s. 3–28.
  • Tracy, David (1996). «Iris Murdoch and the Many Faces of Platonism». I Iris Murdoch and the Search for Human Goodness, red. Antonaccio og Schweiker, s. 54–75.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg