Ian McEwan

Faktaboks

Ian McEwan
Uttale
məkjˈu:ən
Født
21. juni 1948, Aldershot, Storbritannia
Ian McEwan

Ian McEwan

Av /KF-arkiv ※.

Ian McEwan

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Ian McEwan er ein britisk forfattar av romanar, noveller, barnebøker, skodespel og filmmanus. Han er ein av Storbritannias mest lesne og høgast respekterte forfattarar. McEwan har mottatt ei rekke prestisjefylte prisar for romanane sine, og fleire av dei er blitt internasjonale bestseljarar som i tillegg har danna utgangspunkt for populære filmar. Litteraturen han skriv er psykologisk orientert samtidig som den er tydeleg historisk situert; den er underhaldande samtidig som den er etisk utfordrande.

Biografisk bakgrunn

Sjølv om han var fødd i England, hadde McEwan det meste av barndommen sin ulike stadar i Asia, Vest-Tyskland og Nord-Afrika der far hans var stasjonert som britisk offiser. Familien kom tilbake til England då McEwan var 12 år. Etter skulegang i Suffolk studerte han engelsk litteratur ved University of Sussex og University of East Anglia. Frå midten av 1970-talet har han vore fulltidsforfattar.

Tidleg forfattarskap: makabre noveller og romanar

McEwan blei først kjend som forfattar av dystre, til dels makabre noveller og romanar som mange kritikarar meinte var påverka av Franz Kafkas modernistiske skrivemåte og tematikk. Han debuterte i 1975 med novellesamlinga First Love, Last Rites, som i 1978 blei etterfølgd av ei andre novellesamling, In Between the Sheets. Dei to første romanane, Sementhagen (1980) og Hjelp fra fremmede (1982), har også ein mørk grunntone, med innslag av mellom anna seksuell vald. Begge romanane blei filmatiserte, Hjelp fra fremmede med filmmanus skrive av dramatikaren Harold Pinter og med Paul Schrader som regissør.

Etter å ha utgitt den første barneboka si, Rose Blanche (1985), publiserte McEwan Tidebarn i 1987. For denne romanen mottok han Whitbread Novel Award. Etter Tidebarn blei romanane hans mindre makabre og fekk ein breiare lesarappell, sjølv om det dystre og til dels sjokkerande elementet aldri er blitt borte. De uskyldige (1990) og oppfølgaren Svarte hunder (1993) er variantar av sjangeren spionroman med handling under Den kalde krigen. I 1994 gav han ut si andre barnebok, The Daydreamer.

Kjærlighet ved første blikk

Originaltittelen på ein av McEwans mest kjende romanar, Enduring Love (1997), er vanskeleg å overføre til norsk sidan den med to ord løfter fram ein gjennomgripande ambivalens i romanen. På den eine sida framstiller McEwan forhold der to personar begge ønskjer og har evne til kjærleik, sjølv om den kan vere skjør og sårbar. På den andre sida framstiller han like overbevisande eit forhold der berre den eine av to personar elskar, og ikkje sluttar å elske, med katastrofale konsekvensar.

McEwan utviklar denne ambivalensen frå ein dramatisk opningscene der hovudpersonen Joe Rose, som er på piknik med kjærasten sin like utanfor London, prøver å hjelpe ein mann som har problem med ein luftballong. Vitne til denne scenen er Jed Perry, som er totalt ukjend for Joe, men som blir fullstendig betatt av Joe og legg seg etter han på ein måte som nesten øydelegg Joes liv.

Eit originalt aspekt ved romanen er to appendiks, begge skrivne av McEwan dermed ein integrert del av fiksjonen, som forklarer Jeds homoerotiske kjærleik til Joe som ein klinisk variant av de Clérambaults syndrom. Både romanen, som raskt blei omsett til mange språk, og filmversjonen med same tittel frå 2004, redigert av Roger Michell, styrka forfattarens rennomé ytterlegare.

Amsterdam

Året etter Kjærlighet ved første blikk publiserte McEwan Amsterdam, som han fekk Booker-prisen for i 1998. Romanen startar med at to menn, Clive og Vernon, møter kvarandre i London i gravferda til ei tidlegare felles elskarinne, Molly. I gravferda er også utanriksministeren, som Molly også hadde eit forhold til. Rysta over Mollys fullstendig uventa bortgang inngår Clive og Vernon ein slags «dødshjelpavtale» for ikkje å ende opp hjelpelause, som Molly gjorde. Avtalen pregar det vidare plottet, som tar form av ein tragikomedie der McEwan gjennom effektive forteljegrep presenterer, utleverer og kritiserer romanpersonane sine handlingar, prioriteringar og haldningar.

Romanen, som er ein av forfattarens mest spennande, har eit mørk grunntone som er knytt til, og framprovosert av, destruktive krefter i hovudpersonane.

Om forlatelse

Atonement, bokomslag
Atonement, bokomslag
Vintage.

Sjølv om originaltittelen Atonement (2001) indikerer ein soningsprosess, er ikkje Om forlatelse nokon dårleg norsk tittel på McEwans mest kjende roman. Personen som sonar og som ber om forlatelse, er Briony Tallis. Med sin ustyrlege fantasi gjer ho 13 år gammal ein fatal feil som får dramatiske konsekvensar for dei to andre hovudpersonane, søstera Cecilia Tallis og Robbie Turner. Då ho innser at ho ikkje hadde grunnlag for å skulde Robbie for valdtekt – ei skulding som fører til at han blei dømd, fengsla og skild frå Cecilia – brukar Briony resten av livet sitt til å prøve å bøte på feilen.

I første delen av romanen, som føregår på godset til familien Tallis i det sørlege England, komprimerer MCEwan handlinga til ein varm sommardag i 1935. Denne delen, som dramatiserer både feilen Briony gjer og korleis Cecilia og Robbie forelskar seg, inneheld kritikk av britisk overklasse. I del to deltar Robbie som britisk soldat i kampane ved Dunkirk på eit kritisk tidspunkt i andre verdskrigen. Etter å ha brote all kontakt med familien arbeider Cecilia som sjukesøster i London; det gjer også Briony, som i del tre oppsøkjer søstera for å be om tilgiving for den fatale feilen ho gjorde mange år tidlegare.

Romanen kunne ha slutta med del tre, men McEwan legg til ein epilog, «London, 1999», som inneheld opplysningar som kjem fullstendig overraskande på lesaren. Desse opplysningane, som blir formidla av Briony som førstepersonsforteljar, endrar ikkje berre forteljesituasjonen radikalt, men omkalfatrar også slutten av plottet. Begge desse endringane, som forsterkar den etiske dimensjonen ved romanen, medfører at vi les romanen annleis når vi les den om att.

Om forlatelse er på eitt nivå ei romantisk forteljing om ei jente frå britisk overklasse og ein gut frå britisk arbeidarklasse som ikkje får kvarandre. På eit anna, men relatert nivå gir romanen ei realistisk framstilling av krig – både når det gjeld brutaliteten i sjølve krigshandlingane og konsekvensane krigen får for menneska, her representert ved Cecilia og Robbie, i landa den rammar. På eit tredje nivå presenterer Om forlatelse McEwans refleksjonar over kommunikasjon og tolking, særleg kor lett vi misforstår kvarandre, og over konsekvensane fantasi og dikting kan ha.

I filmversjonen frå 2007, med same tittel som romanen, maktar regissøren Ian Wright – med hjelp av glimrande skodespelarprestasjonar, særleg Vanessa Redgrave som den gamle Briony – å presentere og integrere alle tre nivåa. Både McEwans roman og Wrights filmadaptasjon blei internasjonale suksessar, og filmens suksess har i sin tur bidratt til å gjere Om forlatelse til ein av dei største bestseljarane i britisk samtidslitteratur.

Lørdag

Romanen Lørdag (2005) vidarefører den konsentrasjonen om handlingar på ein enkelt dag som kjenneteiknar først delen av Om forlatelse. McEwan er tydeleg inspirert av den britiske forfattaren Virginia Woolfs Mrs Dalloway (1925): Medan Woolf skildrar handlingane, tankane og kjenslene til Mrs Dalloway i løpet av éin dag i London på 1920-talet, fokuserer McEwan på éin dag i livet til nevrokirurgen Henry Perowne. Staden er også her London og tidspunktet 15. februar 2003, dagen då cirka ein million britar demonstrerte i London mot invasjonen som USA (med støtte av Storbritannia) planla i Irak.

Perownes handlingar og erfaringar i løpet av denne dagen blir fullstendig annleis, og mykje meir dramatiske, enn han kunne ane då han vaknar om morgonen. Han mister gradvis kontrollen over det som på eitt nivå er eit vellykka vestleg liv. McEwans overbevisande framstilling av denne prosessen inviterer lesaren til å reflektere ikkje berre over terror, vald og vonde handlingar, men også over den skjøre balansen mellom lykke og ulykke og mellom fred og krig.

Seinare romanar og vedvarande aktualitet

Maskiner som meg, bokomslag
Maskiner som meg, bokomslag
Gyldendal forlag.

McEwan har gitt ut ei rekke romanar etter 2005; mange av dei er omsette til norsk. I Ved Chesil Beach (2007) skriv han innsiktsfullt om to unge personar som elskar kvarandre, men som møter uventa kommunikasjonsutfordringar i grenselandet mellom uutalte ord og ikkje-realiserte handlingar. Solar (2010) utvidar tematikken McEwan skriv om ved å ta opp ta opp klimaspørsmålet, sjølv om hovudpersonen i denne romanen kanskje er for karikert til å bli truverdig.

Nøtteskall (2016) er forteljeteknisk blant forfattarens mest originale: I denne forteljinga om mord og bedrag, ein slags moderne prosaversjon av eller parafrase over Shakespeares skodespel Hamlet (1600), er forteljaren eit ufødd barn. Kakerlakken (2019) viser at inspirasjonen frå Kafka, som er tydeleg i dei første bøkene til McEwan, er vedvarande viktig: Som Kafkas hovudperson i novella «Forvandlingen» vaknar Jim Sams frå urolege draumar og oppdagar at han er forvandla til ein kjempestor skapning. Romanen er ein politisk satire over Brexit-prosessen som førte til at Storbritannia forlèt EU.

I Maskiner som meg: folk som deg (2019), der plottet utspelar seg i eit alternativt London på 1980-talet, presenterer McEwan eit trekantdrama mellom ein mann, ei kvinne og eit fabrikkprodusert menneske. Eit etisk spørsmål i denne romanen er: Kva er det som gjer oss til menneske? Kan ein maskin forstå og dele menneskelege kjensler?

Dette utvalet av romanar utgitt etter 2005 vidarefører og stadfester dei særeigne kvalitetane til McEwans forfattarskap: evna til å skape plott som er overraskande truverdige sjølv om dei kan vere usannsynlege, samankoplinga av enkeltpersonars liv og hendingar med komplekse prosessar i samfunnet dei lever i, formidlinga av psykologisk innsikt gjennom spennande plott og overbevisande karakterisering av personar som tar sjokkerende val og utfører ekstreme handlingar.

McEwan er ein av dei fremste samtidige representantane for britisk romankunst i tradisjonen frå Jane Austen. Samtidig som Austen, Woolf, Shakespeare og Kafka kanskje er dei forfattarane som har inspirert han sterkast og påverka forteljemåten hans tydelegast, har desse forfattarane medverka til å gjere romanane hans slåande originale og vedvarande aktuelle. Dei utgjer ein skarp, nyansert, engasjert og engasjerande kommentar til menneskelege relasjonar så vel som presserande samfunnsutfordringar. Utan å moralisere stiller McEwan spørsmål som ikkje berre inviterer, men nærast tvingar lesaren til etisk refleksjon.

Omsetjingar til norsk

Mange av McEwans romanar er omsette til norsk. Ei rekke av desse er tilgjengelege i serien Gyldendal Pocket.

  • First Love, Last Rites (1975). Første kjærlighet, siste olje. Oms. Einar Blomgren og John Erik Lindgren. Oslo: Gyldendal, 2018.
  • The Cement Garden (1978). Sementhagen. Oms. Inger Gjelsvik. Oslo: Cappelen, 1980.
  • The Comfort of Strangers (1981). Hjelp fra fremmede. Oms. Geir Uthaug. Oslo: Cappelen, 1982.
  • The Child in Time (1987). Tidebarn. Oms. Geir Uthaug. Oslo: Gyldendal, 1988.
  • The Innocent (1990). Den uskyldige. Oms. Geir Uthaug. Oslo: Gyldendal, 1990.
  • Kjærlighetens handlinger og andre noveller. Oms. Geir Uthaug. Utval frå First Love, Last Rites og In Between the Sheets. Oslo: Gyldendal, 1992.
  • Black Dogs (1992). Svarte hunder. Oms. Torleif Sjøgren-Erichsen. Oslo: Gyldendal 1993.
  • The Daydreamer (1994). Dagdrømmeren. Oms. Tor Edvin Dahl, illustratør Anthony Browne. Oslo: Cappelen, 1996. barnelitteratur
  • Enduring Love (1997). Kjærlighet ved første blikk. Oms. Knut Ofstad. Oslo: Gyldendal, 1997.
  • Amsterdam (1998). Amsterdam. Oms. Dag Heyerdahl Larsen. Oslo: Gyldendal, 1999.
  • Atonement (2001). Om forlatelse. Oms. Knut Ofstad. Oslo: Gyldendal, 2002.
  • Saturday (2005). Lørdag. Oms. Halvor Kristiansen. Oslo: Gyldendal, 2005.
  • On Chesil Beach (2007). Ved Chesil Beach. Oms. John Erik Bøe Lindgren. Oslo: Gyldendal, 2007.
  • Solar (2010). Solar. Oms. Halvor Christiansen. Oslo: Gyldendal, 2010.
  • Sweet Tooth (2012). Serena. Oms. Halvor Kristiansen. Oslo: Gyldendal, 2013.
  • The Children Act (2014). Barneloven. Oms. Halvor Kristiansen. Oslo: Gyldendal, 2016.
  • Nutshell (2016). Nøtteskall. Oms. Einar Blomgren. Oslo: Gyldendal, 2017.
  • The Cockroach (2018). Kakerlakken. Oms. Einar Blomgren. Oslo: Gyldendal, 2019.
  • Machines Like Me (2019). Maskiner som meg: og folk som deg. Oms. Einar Blomgren. Oslo: Gyldendal, 2019.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Alexander, Michael (2003). A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave.
  • Dancer, Tom (2021). Critical Modesty in Contemporary Fiction. Oxford: Oxford University Press.
  • Dobrogoszcz, Tomasz (2018). Family and Relationships in Ian McEwan's Fiction: Between Fantasy and Desire. Blue Ridge Summit: Lexington Books.
  • Gauthier, Tim S. (2005). Narrative Desire and Historical Reparations: A.S. Byatt, Ian McEwan, Salman Rushdie. New York: Routledge.
  • Head, Dominic (2019). The Cambridge Companion to Ian McEwan. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Lothe, Jakob (2016). "Korleis gjere godt att ein fatal feil? Ian McEwans Om forlatelse og Joe Wrights Om forlatelse". Kap. 4 i Litteratur og film. Oslo: Pax, s. 86-116.
  • Marcus, Laura og Peter Nicholls (red. 2012). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Möller, Swantje (2011). Coming to Terms with Crisis: Disorientation and Reorientation in the Novels of Ian McEwan. Heidelberg: Anglistische Forschungen, vol. 415.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg