Artikkelstart
Ingrid Heggø er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Sogn og Fjordane i 2005–2021.
Ingrid Bjørketun Heggø
Ingrid Heggø er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Sogn og Fjordane i 2005–2021.
Ingrid Bjørketun Heggø er fødd i Høyanger i Sogn og Fjordane (no Vestland). Etter vidaregåande skule i Høyanger 1977–1980 arbeidde ho eit år som operatør ved Fundo Aluminium, før ho tok bankutdanning i 1981–1988 ved Bedriftsøkonomisk Institutt (BI). I 1998–2000 studerte ho internasjonalisering, bedriftsanalyse og leiing same staden. Ho arbeidde i Vestlandsbanken og Fokus Bank i 1981–2001. I 2021 vart ho næringssjef i Høyanger kommune.
Heggø har hatt ulike verv i AUF og Arbeidarpartiet sidan 1977. Heggø var sekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 2001–2005 og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 2007–2011. Ho var representant i Høyanger kommunestyre i 1991–1995 og varaordførar i 1995–2003.
Heggø var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane i 2005-2021. I perioden 2005–2009 sat ho i justiskomiteen på Stortinget. I perioden 2009–2013 og 2013–2017 sat ho i næringskomiteen, og frå 2017 til 2021 i finanskomiteen. Heggø var medlem av gruppestyret til Arbeidarpartiet på Stortinget i 2010–2013.
Dei viktigaste politiske sakene hennar har vore arbeidsplassar i heimfylket Sogn og Fjordane, og ho har vore oppteken av gründerar, spesielt kvinnelege gründerar, og av forenkling av kvardagen til bedrifter.
Heggø var leiar av Løvebakken Mållag 2009–2015. Ho var assisterande generalsekretær i Raudekrossen i 1980–1982 og var styreleiar for Høyanger-Gulen bompengeselskap frå stiftinga i 2001 og fram til 2010.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.