Vestlandsbanken

Støttelysing med logo, 1977
Av .
Hovudkontoret i Bergen i 1951
Av .
Logo (1951)
Av .

Artikkelstart

Vestlandsbanken var ein norsk forretningsbank, grunnlagt i 1926 og som gjekk inn i Fokus Bank i 1987. Banken hadde nynorsk som forretningsspråk. Hovudkontoret låg i Bergen.

Banken var sentral i attreisinga etter den andre verdskrigen og utvikla nær kontakt med mange av bygdebankane på Vestlandet. Banken hadde òg ei aktiv rolle i finansieringa av større prosjekt innanfor nynorsk skriftkultur.

Vestlandsbanken overtok nynorskbanken Oslo Nye Sparebank i 1975, og kjøpssummen vart til grunnkapitalen i Oslo Nye Sparebanks Fond.

I 1987 vart Vestlandsbanken, Bøndernes Bank, Forretningsbanken og Buskerudbanken slått saman til Fokus Bank.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg