Idar Stegane

Faktaboks

Idar Stegane
Født
28. februar 1940, Eikefjord, Kinn kommune

Artikkelstart

Idar Stegane er ein norsk litteraturforskar. Han har forska på det norske skriftlivet generelt og det nynorske skriftlivet spesielt. Han er ein av dei fremste kjennarane av Olav H. Hauge si dikting.

Bakgrunn

Han tok mellomfag i tysk (1966) og norsk (1967), og grunnfag i allmenn litteraturvitskap (1968) ved Universitetet i Bergen. Same staden tok han magistergraden i litteraturvitskap i 1971, med ei oppgåve om Olav H. Hauge si dikting. I 1993 tok Stegane doktorgraden i nordisk litteraturvitskap, med avhandlinga Det nynorske skriftlivet. Studiar i framvoksteren av ei nynorsk litterær offentlegheit.

Før Stegane byrja det akademiske livet, arbeidde han ein periode på gard, og som skogsarbeidar og sildefiskar. I 1964 var han lærarvikar ved Flora folkeskule. Frå 1971 til 1972 var han lektor ved Firda offentlege landsgymnas på Sandane. Han var vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen i 1977, før han blei stipendiat og seinare førsteamanuensis same staden, mellom 1986 og 1993. Frå 1993 til 2007 var Stegane professor i nordisk litteratur, og han er no professor emeritus.

Virke

Stegane har skrive og har vore redaktør for fleire bøker. Olav H. Hauges dikting (1974) er ein lettare omarbeidd versjon av magisteravhandlinga og eit viktig bidrag til forskinga på Hauge si dikting. I 1983 gav Stegane ut ei bok om den unge forleggjaren og bokhandlaren Mons Litleré, med tittelen Mons Litlerés forlag. I 1995 redigerte han festskriftet Ord om ordkunst. Til Asbjørn Aarseth på 60-årsdagen, saman med Atle Kittang. Han har òg vore medredaktør for antologien Norske tekster. Lyrikk (1998), og saman med Hadle Oftedal Andersen redigerte han Modernisme i nordisk lyrikk i 2005. I 2010 kom artikkelsamlinga Artiklar om litteratur.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg