Hitra–Frøya

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Hitra–Frøya er ei lokalavis i Sandstad, grunnlagt 1974, kjem ut to dagar i veka. Dekkjer kommunene Hitra og Frøya; lokalkontor på Sistranda. Eigd av Hitra-Frøya Lokalavis AS. Redaktør: Bjørn Rønningen.

Hitra-Frøya blei starta som Hitra-Nytt, og dekka da berre Hitra, medan ein annan avis, Frøyavisa, dekka Frøya. Dekningsområdet blei utvida 1985, medan Frøyavisa blei nedlagt i 1988.

Svend Sivertsen, som leda avisa frå byrjinga og var redaktør til 2007, eig fleirtalet av aksjane, medan Adresseavisen sidan 1998 òg har eigd ein større andel i avisa.

Historie

Hitra-Frøya er eit produkt av den nye bygdeoptimismen i 1970-åra. Eitt år før Hitra-bøndene i 1975 aksjonerte så det gav gjenklang over heile landet, såg lokalavisa dagens lys. Ho har vist seg å vere svært levedyktig.

Hitra-Frøya har opphavet sitt i lokalavisa Hitra-Nytt, ei av mange aviser som dukka opp i kjølvatnet av bygdeoptimismen tidleg i 1970-åra. Ein ung lærar, Svend Sivertsen, var opphavsmann og redaktør, i samarbeid med Tore G. Strøm og Knut Olav Sivertsen. Avisa dekte Hitra kommune og kom ut annakvar veke. Kontoret var på loftet hos Svend og Mary-Ann Sivertsen i Fillan. Mary-Ann tok seg av det merkantile. Avisarbeidet var ein tilleggsjobb som mykje gjekk føre seg på kvelds- og nattestid. Avisa blei trykt hos ST-Trykk på Orkanger.

Det første driftsåret viste underskot. Skulle ein drive vidare, måtte ein satse meir profesjonelt. Svend Sivertsen kjøpte ut dei to andre og blei eineeigar og avismann på heiltid.

I 1980 flytta Svend og Mary-Ann til Sandstad på Inn-Hitra og bygde bustadhus med eiga avdeling for avisa. I 1983 fekk Hitra-Nytt sin første faste medarbeidar i tillegg, Terje Sandstad, som har arbeidd i avisa sidan den tid. Avisa blei no vekeavis. To utgåver i veka ifrå 1986.

Men aukande utgifter til lønn, trykking og distribusjon gjorde at økonomien blei vanskeleg. Ei løysing kunne vere å gjere dekningsområdet større. I nabokommunen Frøya sleit Frøyavisa endå tyngre. Det kom i gang forhandlingar om samanslåing, men eit fleirtal i Frøyavisa sa nei. Sivertsen lanserte då fellesavis på eiga hand, under namnet Hitra-Frøya, med to nummer i veka. Det første nummeret kom 20. desember 1985. Konkurransen førte til at Frøyavisa måtte gi seg i mars 1988. Hitra-Frøya overtok abonnentarkivet, kontorlokalet og den eine tilsette i Frøyavisa mot å betale gjeld som Frøyavisa hadde.

Opplaget auka med ca. 1000 frå 1987 til 1989 (til 3700). Kontor og journalist både på Hitra og Frøya skulle borge for balansert dekning. I 1992 flytta avisa inn i lokala etter ein nedlagd butikk på Sandstad. Frå 1995 hadde avisa tre faste journalistar og i alt ti tilsette. Hitra-Frøya var blitt ei solid avisbedrift som blei attraktiv for oppkjøp.

I 1997 kom avisa med i Adresseavis-konsernet (seinare Polaris Media) ved at familien Sivertsen selde 49 prosent av aksjane. Adresseavisen ville i utgangspunktet kjøpe 66 prosent, men det nyoppretta Statens eigarskapstilsyn fekk denne saka som si første og kravde at eigardelen skulle ned i 49 prosent. Resten er direkte eller indirekte kontrollert av Svend Sivertsen.

I 2009 flytta avisa frå Sandstad til nye lokale i kommunesenteret Fillan.

Opplag

År Opplag
1986 2659
1998 4460
2008 5048
2015 3408

Fakta

  • Hitra-Nytt: fyrste nr. 9. mars 1974, fyrste red. Svend Sivertsen.

  • Skifta namn til Hitra- Frøya, fyrste nr. 20.12.1985
  • Frøyavisa: fyrste nr. desember 1973, fyrste red. Hans Ulrik Hammer og Torgeir Aas. Siste nr. 10. mars 1988.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg