Faktaboks

Hitra–Frøya
Offisielt namn
HITRA FRØYA LOKALAVIS AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Hitra
Stifta
25.01.1974
Dagleg leiar
Odd Arild Sandnes
Styreleiar
Henning Johansen
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Hitra–Frøya er ei lokalavis som kjem ut i Hitra og Frøya. Avisa blei grunnlagd i 1974 og er sidan 1997 eigd av Polaris Media ASA. Avisa dekkjer kommunane Hitra og Frøya.

Historie

Eitt år før Hitra-bøndene aksjonerte mot landbruket sine rammevilkår i 1975, såg lokalavisa Hitra-Nytt dagens lys. Hitra-Frøya har opphavet sitt i Hitra-Nytt, som var ei av mange aviser som dukka opp i kjølvatnet av bygdeoptimismen tidleg i 1970-åra.

Etablering av Hitra-Nytt

Ein ung lærar, Svend Sivertsen, var opphavsmann og redaktør, i samarbeid med Tore G. Strøm og Knut Olav Sivertsen. Avisa dekte Hitra kommune og kom ut annankvar veke. Avisa blei trykt hos ST-Trykk på Orkanger. Det første driftsåret viste underskot, og det vart satsa på meir profesjonell drift. Svend Sivertsen kjøpte ut dei to andre, og blei eineeigar og avismann på heiltid. Avisa blei etter kvart vekeavis, med to utgåver i veka ifrå 1986.

Samanslåing til Hitra-Frøya

Profesjonaliseringa førte til aukande utgifter til løn, trykking og distribusjon gjorde at økonomien blei vanskeleg. Ei løysing kunne vere å gjere dekningsområdet større. I nabokommunen Frøya sleit Frøyavisa endå tyngre. Det kom i gang forhandlingar om samanslåing, men eit fleirtal i Frøyavisa sa nei. Sivertsen lanserte då fellesavis på eiga hand, under namnet Hitra-Frøya, med to nummer i veka. Det første nummeret kom 20. desember 1985. Konkurransen førte til at Frøyavisa måtte gi seg i mars 1988. Hitra-Frøya overtok abonnentarkivet, kontorlokalet og den eine tilsette i Frøyavisa mot å betale gjelda Frøyavisa hadde.

Etter dette auka opplaget med cirka 1000 frå 1987 til 1989 (til 3700). Kontor og journalist både på Hitra og Frøya skulle sikre balansert dekning. I 1992 flytta avisa inn i lokala etter ein nedlagd butikk på Sandstad. Frå 1995 hadde avisa tre faste journalistar og i alt ti tilsette. Hitra-Frøya var blitt ei solid avisbedrift som blei attraktiv for oppkjøp.

Oppkjøp

I 1997 kom Hitra-Frøya med i Adresseavis-konsernet (seinare Polaris Media) ved at familien Sivertsen selde 49 prosent av aksjane. Adresseavisen ville i utgangspunktet kjøpe 66 prosent, men det nyoppretta Statens eigarskapstilsyn fekk denne saka som si første og kravde at eigardelen skulle ned i 49 prosent. Resten er direkte eller indirekte kontrollert av Svend Sivertsen.

I 2009 flytta avisa frå Sandstad til nye lokale i kommunesenteret Fillan.

Opplag

Opplagstall for Hitra-Frøya, 1986-2022

1986 2733
1988 3278
1990 3793
1991 3812
1992 3943
1993 4005
1994 3997
1995 4163
1996 4272
1997 4362
1998 4460
1999 4493
2000 4685
2001 4857
2002 4943
2003 4984
2004 4935
2005 4971
2006 4974
2007 5067
2008 5048
2009 5000
2010 4860
2011 4723
2012 4608
2013 4376
2014 4105
2015 4006
2016 3900
2017 3967
2018 4047
2019 4483
2020 4873
2021 5245
2022 4981
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1986 2 659
1998 4 460
2008 5 048
2015 3 408
2020 4 873

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Hitra-Nytt: fyrste nr. 9. mars 1974, fyrste red.: Svend Sivertsen.
  • Skifta namn til Hitra- Frøya, fyrste nr. 20.12.1985.
  • Frøyavisa: fyrste nr. desember 1973, fyrste red.: Hans Ulrik Hammer og Torgeir Aas. Siste nr. 10. mars 1988.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Hitra–Frøya
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg