Faktaboks

Hilary Mantel
Fødd
6. juli 1952, Glossop
Død
22. september 2022, Exeter
Hilary Mantel, 2009
Hilary Mantel er den første kvinna som har vunne Bookerprisen to gongar. Her frå da ho vann prisen for Woolf Hall, på norsk Ulvetid, i 2009.
Hilary Mantel, 2009
Av /AP, NTB.
Ulvetid, bokomslag
Ulvetid, bokomslag
Press forlag.

Hilary Mantel var ein britisk forfattar. Ho debuterte i 1985 og er særleg kjend for den historiske romantrilogien om Thomas Cromwell. For dei to første bøkene i trilogien, Ulvetid og Falkejakt, blei ho tildelt Bookerprisen i 2009 og 2012, og ho blei dermed den første kvinna som har mottatt prisen to gongar. Siste boka i trilogien, Speilet og lyset, kom ut i 2020. Trilogien er omsett til 41 språk og seld i over fem millionar eksemplar.

Bakgrunn

Hilary Mantel vart fødd i Derbyshire i Storbritannia i 1952. Etter å ha studert jus ved London School of Economics og ved University of Sheffield, var ho ei tid sosialarbeidar ved eit geriatrisk sjukehus. Ho gifte seg med geologen Gerald McEwan i 1972. Ekteparet budde i Botswana 1977–1982 og så fire år i Saudi-Arabia. Etter perioden i Afrika og Midtausten returnerte ho til Storbritannia. I 1987–1991 var ho filmkritikar for tidsskriftet The Spectator, og ho var også aktiv som bokmeldar i aviser og magasin i Storbritannia og USA. Mantel var kronisk sjuk i store delar av livet. Ho blei i 2014 utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire (DBE).

Forfattarskap

Etter debuten med romanen Every Day is Mother's Day i 1985 publiserte Mantel er rekke romanar som gradvis posisjonerte henne som ein sentral britisk romanforfattar.Oppfølgaren Vacant Possession kom året etter. Begge bøkene er inspirerte av Mantels erfaringar som sosialarbeidar, og begge har innslag av svart komedie som peikar framover mot seinare romanar.

I Eight Months on Ghazzah Street (1988) aktiverer Mantel erfaringar frå Saudi-Arabia: Ho brukar trugande konfliktar mellom naboar i ei boligblokk til å illustrere og undersøkje spenningar mellom islamsk kultur og det liberale Vesten. I Fludd (1989) roterer handlinga rundt ei katolsk kyrkje og eit kloster i ein oppdikta landsby i Nord-England, der ein mystisk framand skaper spenning og uro rundt seg.

Medan begge desse romanane vart nominerte til Sunday Express Book of the Year, vann Mantel denne litteraturprisen for A Place of Greater Safety (1992). Den historisk korrekte informasjonen i denne lange romanen om personane Georges Jacques Danton, Maximilien Robespierre og Camille Desmoulins i den franske revolusjonen gir lesaren ein forsmak på Mantels meisterlege formidling av historisk stoff i trilogien ho skreiv mange år seinare. Andre romanar på 1990-talet inkluderer A Change of Climate (1994), An Experiment in Love (1995) og The Giant, O'Brien (1998).

I 2003 utgav Mantel ein sjølvbiografi, Giving Up the Ghost, som vann MIND Book of the Year Award. Same året publiserte ho novellesamlinga Learning to Talk. Romanen Beyond Black (2005) blei nominert både til Orangeprisen og Bookerprisen. Hovudpersonen er Alison Hart, som presenterer seg sjølv som eit medium og reiser rundt i områda kring London med eit show som inviterer dei som ser showet til å søkje, og kanskje oppleve, kontakt mellom denne verda og den neste. Alison er tilsynelatande ein lykkeleg person, men hennar harmoniske og vellykka ytre viser seg å vere ei maske ho har på for publikum. Eigentleg er ho traumatisert av minne frå barndommen sin. Fleire kritikarar vurderte Beyond Black som ein av dei beste romanane utgitt i Storbritannia i 2005.

Ulvetidtrilogien

I 2009 utgav Mantel første bind av trilogien Ulvetid, Falkejakt og Speilet og lyset. Ulvetid vart ein nasjonal og internasjonal boksensasjon: Samtidig som den blei tildelt Bookerprisen, selde romanen betre enn nokon tidlegare prisvinnar. Ulvetid er som dei to neste bøkene i trilogien ein fiksjonalisert biografi: Mantel fortel historia om ein historisk person, Thomas Cromwell (1485–1540) og det dramatiske livet hans. Sjølv om barndommen til Cromwell var prega av ein far som var alkoholisert og valdleg, var han likevel som vaksen sterk og initiavrik nok til å reise rundt i Europa. Etter å ha samla seg store kunnskapar, ikkje minst om personrelasjonar og maktutøving i Frescobaldi-familien i Italia, kom han tilbake til England og blei rikshoffmeister ein nær medarbeidar av den utspektulerte og brutale tudorkongen Henrik 8. (1491–1547).

Eit gjennomgåande kjenneteikn ved trilogien er at samtidig som Mantel formidlar den historiske informasjonen vi har om Cromwell så nøyaktig som muleg, skaper ho ut frå dette historiske og biografiske fundamentet eit rikt og nyansert portrett av ein fascinerande person. Slik blir den historiske Cromwell ein oppdikta romanfigur med ei rekke personlege eigenskapar som ikkje berre forklarer korleis han kunne manøvrere ved hoffet til Henrik 8., men også viser betydeleg psykologisk innsikt. Det kanskje mest karakteristiske trekket ved trilogien er at Mantel lykkast med å kombinere moderne psykologisk kunnskap og eigne erfaringar i presentasjonen av renessansemenneskes handlingar, val, kjensler, begjær, sjalusi, minne og draumar. Samtidig som den historiske informasjonen om Cromwell og personane rundt han er korrekt (om enn nødvendigvis ufullstendig), er den narrative framstillinga og tolkinga oppdikta og litterær. Mantel skriv faktabasert fiksjon.

Dette kjennemerket gjeld heile trilogien, inkludert Falkejakt (2012). I dette andre bindet spelar Cromwell ei nøkkelrolle som forhandlar i prosessen då Henrik 8. distanserer seg frå den andre kona si, Anne Boelyn, og forelskar seg i Jane Seymour, som blir hans tredje.

Etter Falkejakt gjekk det fleire år før Mantel gav ut siste bind i trilogien. Men med Speilet og lyset (2020) fullførte ho eit komplekst og originalt bokprosjekt som er eit betydeleg bidrag til den historiske romanen i det 21. hundreåret.

Handlinga i Speilet og lyset strekkjer seg frå 1536, då Anne Boelyn blir avretta, til 1540, då Cromwell blir halshogd. Under overskrifta «Rollebesetning» skriv Mantel i innleiinga at romanhandlinga knyter an til historiske hendingar med 135 personar i 13 ulike miljø. I tillegg introduserer ho slektstavlene til dynastia Tudor og York. Denne historiske informasjonen forpliktar, men som i dei to første binda av trilogien maktar Mantel å bruke den historiske ramma både som referansepunkt og som inspirasjon for fiksjonen ho skriv.

Påverknad og aktualitet

Sjølv om Mantel har eit stort og variert forfattarskap, er det trilogien Falkejakt, Ulvetid og Speilet og lyset som vil bli ståande som hovudverket hennar. Lesaren treng ikkje vere einig i tolkingane Mantel gir av dei historiske personane i trilogien. Men måten ho presenterer dei på, er engasjert og engasjerande. Ho formidlar innsikt i ei tid som er svært ulik vår, samtidig som ho gjennom dei litterære personportretta og den litterære samfunnsanalysen viser at både maktstrukturane og personanes handlingsmønster liknar. Det gjer også spørsmåla om makt og avmakt, politikk og religion, rivalisering, begjær og vald som Mantel dramatiserer.

Sjølv om Mantel primært var romanforfattar, heldt ho fram med å skrive noveller og essay. Drapet på Margaret Thatcher og andre historier (2014) er ei underfundig novellesamling prega av svart humor. Essaysamlinga Mantel Pieces: Royal Bodies and Other Writing from the London Review of Books blei utgitt i 2020.

Omsetjingar til norsk

  • Beyond Black (2005). Hinsides svart. Omsett av Inger Gjelsvik. 2007.
  • Wolf Hall (2009). Ulvetid. Omsett av Hege Mehren. 2010.
  • Bring Up the Bodies (2012). Falkejakt. Omsett av Hege Mehren. 2013.
  • The Assasination of Margaret Thatcher (2013). Drapet på Margaret Thatcher og andre historier. Omsett av Hege Mehren. 2014.
  • The Mirror and the Light (2020). Speilet og lyset. Omsett av Hege Mehren. 2020.

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Knight, Lucy. Nekrolog i The Guardian 23.9.2022. Cunningham, John M. «Hilary Mantel: British Writer». Encyclopædia Britannica Online.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg