Hermod er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Her-móðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hær’ og etterleddet ‘mot’.
Hermod
Personar med namnet Hermod
Kulturell bruk
- Hermod er hovudperson i folkevisa «Hermod ille», ei kranglevoren kjempe som av og til også kan oppføre seg riddarleg.
Kjende personar med namnet Hermod
Eit utval personar med namnet Hermod, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Tor Hermod Refsum (1894–1981)
- Hermod Skånland (1925–2011)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 820 menn (fødde i Noreg) som hadde Hermod som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.