Hege Haukeland Liadal

Faktaboks

Hege Haukeland Liadal
Født
29. november 1972, Haugesund, Rogaland

Artikkelstart

Hege Haukeland Liadal er politikar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Rogaland i 2013–2021.

Bakgrunn

Hege Haukeland Liadal er fødd i Haugesund i Rogaland. Ho tok vidaregåande skule i 1988–1991, deltidsstudium i personal og leiing ved BI i 2004–2005 og er sertifisert coach gjennom konsulentselskapet Storform i 2006. Ho arbeidde som reisekonsulent for Via Ferieverden i 1997–2000, var byråleiar i Star Tour i 2000–2007 og faglærar ved Norges Kreative Høyskole (no Høyskolen Kristiania) i 2002–2009. I perioden 2007–2010 var ho kundesentersjef ved Kolumbus (Rogaland Kollektivtrafikk FKF), deretter dagleg leiar i Adecco i Haugesund i 2010–2012 og prosjektkoordinator ved HKV (Haugaland Kunstverk) i 2012–2013

Politisk karriere

Haukeland Liadal har hatt verv i AUF i Rogaland, var medlem av kommunestyret og formannskapet i Haugesund for Arbeidarpartiet i 2011–2013 og var kandidat til varaordførarvervet i Haugesund ved valet i 2011. Ho blei vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland for periodane 2013–2017 og 2017–2021. Ho var medlem av familie- og kulturkomiteenStortinget i 2013–2017 og medlem av energi- og miljøkomiteen og av helse- og omsorgskomiteen i 2017–2021.

I 2020 vart ho sikta for grovt bedrageri med 22 reiserekningar i perioden frå 2016 til 2018. Liadal har erkjent straffskuld for aktlaust bedrageri, men ikkje for forsettleg bedrageri. Ho vart ikkje renominert før valet i 2021. Politisk var Haukeland Liadal engasjert i kulturpolitikk og har mellom anna arbeidd for meir filmstøtte og å auke tilskotet til Haugalandsmuseene.

Andre verv

Ho har òg hatt ei rekkje andre verv, mellom anna som medlem av styret i Human-Etisk Forbund avd. Haugaland i 1988–1990, meddommar i Stavanger tingrett 2002–2009, i fylkesnemnda for sosiale saker i 2007–2009 og i Gulating lagmannsrett i 2009–2013. Frå 2009 til 2012 var ho nestleiar i Norsk Folkehjelp avd. Haugaland. Haukeland Liadal var òg medlem av styret for Troms Fylkestrafikk i 2011–2015, er styreleiar for Rutebåten Utsira AS og medlem av styret i Norsk Bibliotekforening frå 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg