Hans Olav Syversen

Faktaboks

Hans Olav Syversen
Født
25. november 1966, Skjervøy, Troms og Finnmark
Av .

Artikkelstart

Hans Olav Syversen er jurist og tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (KrF) frå Oslo i 2005–2017. Han var parlamentarisk leiar for stortingsgruppa til partiet i 2011–2013.

Bakgrunn

Hans Olav Syversen er fødd på Skjervøy i Troms (no Troms og Finnmark). Han tok examen artium ved Grefsen videregående skole i 1986 og er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 2000. I 1984–1988 arbeidde han ved Christiania Glassmagasin, var lærarvikar ved Grefsen skole i 1986–1987 og var deleigar i ei frukt- og tobakksforretning i 1989–1991. Syversen var medarbeidar i Oslo østre frikirkes barne- og ungdomsarbeid i 1981–2001.

Politisk karriere

I 1990–1995 var Syversen gruppesekretær i bystyregruppa til KrF i Oslo. Han var vararepresentant i Oslo kommunestyre for Kristeleg Folkeparti i 1989–1991 og fast representant i 1991–2003, der han dei fire siste åra sat han som kommunalråd. Han var nestleiar i Oslo KrF i 1993–1995 og medlem av landsstyret og sentralstyret i partiet i 1997–1999.

I perioden 1989–1993 var Syversen vararepresentant til Stortinget og i 2005–2017 var han fast stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Oslo. Syversen var politisk rådgivar i justis- og politidepartementet i 1997–1999 og seinare statssekretær i barne- og familiedepartementet i 2003–2005. I 2011–2013 var han parlamentarisk leiar for Kristeleg Folkeparti. På Stortinget var han leiar av finanskomiteen i 2013–2017. Syversen arbeidde mellom anna for ein betre bustadpolitikk og miljøpolitikk, og han er Israel-vennleg.

Andre verv

Syversen var medlem av styret for Ticketmaster Norge A/S i 1989–1991 og medlem av styret for Europabevegelsen i Oslo i 1994–1996. Han vart medlem av styret for Den Norske Atlanterhavskomité i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg