Hanne Bramness

Faktaboks

Hanne Bramness
Født
3. april 1959, Oslo
Av /Cappelen Damm.

Artikkelstart

Hanne Bramness er ein norsk lyrikar, barnebokforfattar og gjendiktar, som debuterte i 1983 med diktsamlinga Korrespondanse. Ho har fått ei rad prisar for ein allsidig og kritikarrost forfattarskap.

Bakgrunn

Hanne Bramness er fødd i Oslo. Bramness har studert ved Universitetet i Oslo, der ho blei cand.mag. med faga nordisk, engelsk og lingvistikk (1984), før ho tok American studies ved King's College i London (1984–1988).

Forfattarskapen

Ho debuterte som lyrikar i 1983 med diktsamlinga Korrespondanse, og har sidan gitt ut mange bøker med eigne dikt og dikt som ho har gjendikta frå andre språk. Ho har også gitt ut antologiar og forteljande prosa.

Diktsamlingane til Bramness krinsar rundt tema som tid og minne, men også om vennskap og ein lengt etter noko som har gått tapt. Dikta vender seg mot lesaren med utfordrande spørsmål, og ho leitar etter eit konkret språk, som ser røyndommen slik han eigentleg er. I den kritikarroste diktsamlinga Nattens kontinent (1992) finn vi modernistiske motsetningspar som fråvær og nærvær, innsikt og blindskap. Bramness skriv lyrikk både på nynorsk og på bokmål.

Bramness har også gitt ut ungdomsnoveller i samlinga Kysset (1999) og alfabetdikt for barn i Trollmåne (2001).

I tillegg til å skrive eigne tekstar har Bramness gjendikta lyrikk av mellom anna William Blake, Denise Levertov, Gerður Kristný Guðjónsdóttir og fleire japanske og kinesiske poetar. Bramness var initiativtakar og redaktør for serien Stemmens kontinent (1999–2007), som presenterer internasjonale kvinnelege lyrikarar. I 2007 etablerte ho Nordsjøforlaget, som gir ut lyrikk for barn og vaksne frå landa kring Nordsjøen, gjendikta til nynorsk og bokmål.

Utmerkingar

For den allsidige forfattarskapen sin fekk Bramness Den norske Lyrikklubbens pris i 1996, i 2006 fekk ho Doblougprisen, i 2012 poesiformidlingsprisen Wergelands åre og i 2014 Språklig samlings litteraturpris. I 2016 fekk ho den litterære prisen Diktartavla. Bramness var festivalpoet under Nordisk poesifestival i 2019.

Bibliografi

  • Håp bygger huset (Lyrikk, Tiden, 2018)
  • Fra håpets historie (Lyrikk, Cappelen Damm, 2017)
  • Den ukjente (Lyrikk, Cappelen Damm, 2015)
  • Dikt i utvalg: 1982-2010 (Lyrikk, Cappelen Damm, 2013)
  • Vaage. Ti lesninger i Lars Amund Vaages forfatterskap (Red.) (Artikler, Oktober, 2012)
  • Vekta av lyset (Lyrikk, Cappelen Damm, 2012)
  • Stemmer i andre hus (Lyrikk, Cappelen Damm, 2011)
  • Uten film i kameraet (Lyrikk, Cappelen Damm, 2010)
  • Det står ulver i din drøm (Lyrikk, Cappelen Damm, 2008)
  • Salt på øyet (Lyrikk, Cappelen, 2006)
  • Dikt fra fengselet (red.) (Antologi, Cappelen, 2004)
  • Puteboken, japanske kjærlighetsdikt (Ungdomsbok, Cappelen, 2004)
  • Lynettes reise (Barnebok, Cappelen, 2003)
  • Regnet i Buenos Aires (Lyrikk, Cappelen, 2002)
  • Anne Michael: Gruvedammen (Gjendiktning, Solum, 2001)
  • Trollmåne (Lyrikk, Cappelen, 2001)
  • Kamala Das: Tørketid (Gjendiktning, Cappelen, 2000)
  • Kysset (Noveller, Cappelen, 1999)
  • Mirida Alt Altik: Froskens sanger (Gjendiktning, Cappelen, 1999)
  • Mina Loy: Engelsk kjøter. (Gjendiktning, Cappelen, 1998)
  • Akiko Yosano: Det brennende hjertet (Gjendiktning, Cappelen, 1997)
  • Revolusjonselegier (Lyrikk, Cappelen, 1996)
  • Kremmyke bryst (Dikt av kinesiske kvinner). (Gjendiktning, Cappelen, 1996)
  • Appelsintreet (Japanske kjærlighetsdikt for ungdom). (Gjendiktning, Cappelen, 1995)
  • William Blake: Himmel og Helvete (medf). (Gjendiktning, 1993)
  • Nattens kontinent (Lyrikk, Cappelen, 1992)
  • The Sailor Does Not See the North. (Lyrikk, 1988)
  • The Poems of Dagny Juel Przybyszewska. (Gjendiktning, 1988)
  • Denise Levertov: Med åpen munn. (Gjendiktning, Oktober, 1988)
  • I sin tid. (Roman, Gyldendal, 1986)
  • Korrespondanse (Lyrikk, Gyldendal, 1983)
  • Urgent Wave (Lyrikk, 1983)
  • Impulse Tests. (Lyrikk, 1982)
  • Slow Climb (Lyrikk, 1982)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg