Faktaboks

Guðmundur Gíslason Hagalín

Gudmundur Gíslason Hagalín

Fødd
10. oktober 1898, Lokinhamrar, Arnarfjörður, Island
Død
26. februar 1985, Akranes, Island

Guðmundur Gíslason Hagalín var ein islandsk forfattar.

Guðmundur debuterte i 1921 med Blindsker (Blindskjer), ei samling med noveller, eventyr og dikt.

Han er best kjend for romanane sine. Kristrún í Hamravík (1933) er ein roman som handlar om folkelivet i ei isolert bygd på det islandske nordvestlandet. Romanen er trekt fram som den beste han skreiv. Sturla í Vogum (1938) vart oppfatta som eit åtak på Halldór Laxness' Sjálfstætt fólk (Frie menn, 1934–35). Den beskriv ein småbrukar som overvinn alle vanskar.

I romanane er han ein framifrå folkelivsskildrar, og han skriv ofte med eit kraftfullt og folkeleg språk.

Produksjonen er svært omfattende, og han høyrer til Islands mest lesne forfattarar. Av litteraturhistorikaren Bjarni M. Gíslason vart han trekt fram som ein av dei viktigaste diktarane på Island i nyare tid.

Guðmundur Gíslason Hagalín gav også ut biografiar om samtidspersonar, artikkelsamlingar og memoarar, og han var dessutan aktiv som omsetjar. Han introduserte dikt av fleire norske forfattarar til eit islandsk publikum, mellom anna av Kristofer Uppdal, Olav Aukrust, Tore Ørjasæter og Tarjei Vesaas, og omsette også annan norsk litteratur.

Guðmundur fekk sterke impulsar frå Noreg, der han oppheldt seg i fleire år på 1920-talet. Han knytte kontaktar i folkehøgskule- og landsmålsrørsla. Minne frå opphaldet i Noreg er utgjevne i boka Sögur og minningar frá Noregi (Historier og minne frå Noreg, 1939).

Bøkene hans er omsette til mange språk.

Noveller i omsetjing til norsk

  • Den søte synd, i Stokkelien, Vigdis (red.) 1980. Et usendt kjærlighetsbrev og andre noveller om kjærlighet fra hele verden. Oslo: Bokklubben. 207–17. Omsett av Ivar Eskeland.
  • Mor til barna, i Eskeland, Ivar (red.) 1979. Island forteller. Islandske noveller. Oslo: Bokklubben. 224–242. Omsett av Ivar Eskeland.
  • Reveskinnet, i Førsund, Adolf (oms.) 1924. Islandske småsogor. Oslo: Norli. 113–125.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg