Faktaboks

Bjarni M. Gíslason

Bjarni Magnús Gíslason

Fødd
4. april 1908, Tálknafjörður
Død
1. april 1980, Skanderborg på Jylland, Danmark

Bjarni M. Gíslason var ein forfattar og litteraturhistorikar frå Island.

Bjarni busette seg i Danmark i 1933, og same året debuterte han med diktsamlinga Ég ýti úr vör (Eg skuvar båten frå). Han gav sidan ut fleire diktsamlingar, både på islandsk og dansk, og dessutan romantrilogien De gylne tavl (1944–1945).

Han heldt ei rekkje førelesningar over heile Norden om litterære og kulturpolitiske emne. Den viktigaste utgjevinga hans er litteraturhistoria Islands litteratur efter sagatiden (1950).

Etter at Island erklærte sjølvstende i 1944, kjempa Bjarni M. Gíslason iherdig i handskriftsaka for å få Danmark til å utlevere dei gamle islandske handskriftene til Island, og han spela ei stor rolle for at dette kravet til slutt vart stetta i 1965. I denne kampen skreiv han mellom anna boka De islandske håndskrifter (1954). For denne innsatsen fekk han frå 1965 eit årleg bidrag frå den islandske staten.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg