Guldborg er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Gullborg.

Det finst ei rekkje namnepar på -borg og -bjørg, som Gullborg og Gullbjørg. Etterleddet -borg vart innlånt frå dansk og svensk på 1300-talet, og då kom -borg inn som alternativ til namn på -bjørg. Etterledda -borg og -bjørg tyder ‘berging; vern’.

Namnet har fleire variantar: Gulborg, Guldborg, Gullborg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Guldborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg