Gullborg er eit kvinnenamn samansett av ledda Gull- og -borg.

Det finst ei rekkje namnepar på -borg og -bjørg, som Gullborg og Gullbjørg. Etterleddet -borg vart innlånt frå dansk og svensk på 1300-talet, og då kom -borg inn som alternativ til namn på -bjørg. Etterledda -borg og -bjørg tyder ‘berging; vern’.

Namnet har fleire variantar: Gulborg, Guldborg, Gullborg.

Namnedag er 5. mai. Gudbrand har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 340 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gullborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gullborg på 1800-talet.

Gullborg var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gullborg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gullborg var klart mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gulbor.)

Historisk bruk av namnet Gullborg
Historisk bruk av namnet Gullborg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg