Gudbrandsdølen Dagningen

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Gudbrandsdølen Dagningen er ei regionavis som kjem ut i Lillehammer. Gudbrandsdølen Dagningen (GD) blei grunnlagd i 1997, og hovudeigarane er Gudbrandsdølen AS, A/S Østlendingen og Amedia. Avisa er den einaste dagsavisa i Lillehammer og Gudbrandsdalen. Gudbrandsdølen Dagningen dekkjer Lillehammer, Gudbrandsdalen og Ringsaker.

Faktaboks

Også kjent som
GD

Historie

Avishistoria på Lillehammer etter andre verdskrig handlar om tre aviser – Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer og Dagningen. Gudbrandsdølen Dagningen står etter samanslåinga av desse tre i dag åleine att i byen.

Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer

Lillehammer Tilskuer, grunnlagd i 1837, og Gudbrandsdølen, grunnlagd i 1894, la grunnlaget for det som i maidagane 1945 blei samarbeidsprosjektet om avisene Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Restane av ei tredje avis, den nazifiserte Laagen, som var blitt stoppa for godt, overlét Heimefronten til Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer.

Den sentrale aktøren i samarbeidet etter krigen var redaktør og aviseigar Hans P. Lødrup, som vart profesjonell avismann tidleg på 1900-talet. Han hadde ingen redaksjonell funksjon i den nye avisa, men han eller sonen sat i styret i familieselskapet AS Lillehammer Tilskuer og i det felles bladstyret. Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer fekk redaksjon, administrasjon og trykkjeri i lokala som fram til krigen var slutt var brukte av Laagen og eigde av utgivarselskapet AS Bøndernes Blad.

Avisene voks raskt etter andre verdskrigen, med Sigurd Skogheim som redaktør i Gudbrandsdølen og Haakon Rud i Lillehammer Tilskuer. Det gjekk 113 år frå Lillehammer Tilskuer blei skipa i 1837, til det kom ein kvinneleg redaksjonell medarbeidar i avishuset Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Det skjedde først i 1950, då Marit Kalstad blei tilsett som sommarvikar. Den første fast tilsette kvinnelege journalisten kom i 1966. Den andre fast tilsette kvinnelege medarbeidaren i redaksjonen til Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer kom ikkje før i 1974.

Politisk forankring

Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer var såkalla «politisk uavhengig», men Gudbrandsdølen var nært knytt til Bondepartiet, og Lillehammer Tilskuer var knytt til Høgre. Samtidig som Lødrup var arkitekten bak samarbeidet mellom avisene i 1945, leigde han ut det privateigde trykkjeriet sitt til Arbeidarparti-avisa Dagningen, som var den einaste konkurrenten til Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer. Dermed var høgremannen Lødrup engasjert både i si eiga avis, Høgre-avisa Lillehammer Tilskuer, i Bondeparti-avisa Gudbrandsdølen og i Arbeidarparti‑avisa Dagningen. Slik kontroll hos éin person er temmeleg eineståande i norsk pressehistorie.

Avisene hadde kvar sin politiske redaktør, medan ein sjefredaktør var leiar av fellesredaksjonen. Nyhendestoffet var likt i dei to utgåvene, og berre leiarspalta og tittelhovuda på førstesidene blei bytte ut. Dei store skandalane oppstod ikkje, men samarbeidet blei noko spesielt i EEC/EF/EU‑saka, særleg under dei harde debattane i samband med folkerøystinga i 1972.

Samanslåing til Gudbrandsdølen Dagningen

I 1990 blei tvillingavisene slått saman, og i 1997 fusjonerte Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer med konkurrenten Dagningen, som hadde sokna til Arbeidarpartiet. Lillehammer stod dermed att med éi avis, under namnet Gudbrandsdølen Dagningen (GD).

Nettavisa til GD kom i 2001. I 2005 starta Gudbrandsdølen Dagningen lokalavisa NorddalenOtta.

Opplag for Gudbrandsdølen Dagningen

År Opplag
2015 21 434
2020 22 648

I 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg