Geir Bekkevold

Faktaboks

Geir Bekkevold
Geir Jørgen Bekkevold
Født
19. november 1963, Horten, Vestfold og Telemark

Artikkelstart

Geir Bekkevold er prest og var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (KrF) frå Telemark i perioden 2009-2021.

Bakgrunn

Geir Jørgen Bekkevold er fødd i Horten i Vestfold (no Vestfold og Telemark). Han tok vidaregåande skule ved Horten gymnas i 1982, studerte teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1983–1991 og tok praktisk-teologisk seminar på Blindern i 1990–1991.

Bekkevold arbeidde i feltprestkorpset under førstegongstenesta si 1991–1992, var tilsett som kapellan i Gjerpen menighet i Skien i 1992–2005 og var sokneprest i Borgestad menighet i Skien i 2005–2013. Frå 2021 er han direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Sykehuset Telemark HF.

Politisk karriere

Bekkevold var kommunestyrerepresentant for KrF i bystyret i Skien i 1999–2007, medlem av formannskapet i 2007–2009 og medlem av Telemark fylkesting i 2003–2007. Bekkevold var òg leiar av Skien KrF i 2007–2008 og leiar av Telemark KrF i 2008–2010.

I 2009 blei han vald inn som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Telemark for perioden 2009-2013. Bekkevold var medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen i den første stortingsperioden sin, og han blei i tillegg utpeikt som KrF sin representant i kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2011–2013. Bekkevold leidde òg Stortinget sin kontroll av regjeringa si oppfølging av 22. juli-kommisjonen.

Bekkevold vart attvald for periodane 2013–2017 og 2017-2021. I perioden 2013–2017 var han første nestleiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, deretter andre nestleiar i same komité i 2017-2019. Frå 2019 til 2021 var han leiar i Helse- og omsorgskomiteen, samt nestleiar i gruppestyret i KrF. Politisk er han særleg oppteken av rettane til flyktningar og asylsøkjarar og situasjonen deira.

Andre verv og utmerkingar

Bekkevold har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han var medlem av styret i Skien KFUK/KFUM i 1993–1995, medlem av styret for Teater Ibsen i 2004–2008, styremedlem i Kontorbygg AS i Skien i 2007–2009 og styremedlem i Telemark fylkesbibliotek i 2007–2011. I 2015 blei han ny styreleiar i KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid). Bekkevold fekk Annette A. Thommessens minnepris i 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg