Erle er eit kvinnenamn som kan vere laga til fuglenamnet Erle (jamfør linerle).

Island er varianten Erla eit kvinnenamn som går tilbake til fuglenamnet erla.

Namnet har fleire variantar: Erla, Erle.

Kjende personar med namnet Erle

Eksempel på ein person med namnet Erle som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 792 kvinner i Noreg som hadde Erle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 77 jenter som fekk namnet Erle.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999, til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke. Dette gjeld derimot ikkje det tyske Erle som fekk toppfasen sin så seint som 2015–2017.

Utvikling i bruk av namnet Erle frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Erle frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Guðrún Kvaran, Guðrún og Sigurður Jónsson frá Arnarvatni 1991: [Nöfn Íslendinga]. Reykajvík.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg