Erla

Artikkelstart

Erla er eit kvinnenamn som er kjent frå 1890. Det kan vere a-form av Erle eller kortform av tyske namn på Erl-.

Island blir Erla sett i samanheng med fuglen erle (linerle). Også norske foreldre kan ha tenkt på denne fuglen når dei har gitt jenta namnet Erla.

Namnet har fleire variantar: Erle, Erla.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Erla Andreassen fødd 1890 i Borge i Lofoten (Nordland).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Erla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Guðrún Kvaran, Guðrún og Sigurður Jónsson frá Arnarvatni 1991: [Nöfn Íslendinga]. Reykajvík.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg