Erik Bråtveit, den fyrste blinde studenten og den fyrste blinde presten i Noreg. Bråtveit ble fødd på Bråtveit i Suldal, og han gjekk på blindeskulen i Trondheim til 1916, deretter på middelskulen på Sand i Ryfylke og Volda gymnas. I 1927 tok han teologisk embetseksamen ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo

Bråtveit ville bli prest, men Kyrkjedepartementet nekta fyrst å gi ordinasjonsløyve fordi ei forordning frå Christian 5 si tid kravde at ein prest skulle vere «legemlig lytefri». Mens han kjempa vidare for å kunne bli prest, tente han som reisesekretær i Austlandske blindeforbund eit års tid. I løpet av året lukkast kampen delvis. Departementet gjekk med på å gje dispensasjon for ordinasjonsløyve «til tjeneste etter biskopens nærmere anvisning». Biskop Johan Peter Lunde skaffa han eit vikariat i Asak kyrkjelyd i Berg sokn, og deretter fikk han stillinga der då ho vart ledig.

Då han gjekk av for aldersgrensa etter å ha tent Den norske kyrkja i  35 år, fekk han Kongens fortenestmedalje i gull for innsatsen sin. At Bråtveit med sitt liv utførte ei bragd, blir klårt når ein ser på kva for utfordringar han møtte og tok tak i. 

Bråtveit miste synet som sjuåring på grunn av hjernehinnebetennelse. Som niåring blei han sendt den lange vegen til blindeskulen i Klæbu (seinare flytta til Dalen i Trondheim). Der fekk han att betennelsen i hjernen og var så sjuk at styraren på skulen skreiv heim for å førebu familien på at han truleg ikkje ville overleve. Dei kvitterte med å be om å få kista heim, men det kunne ikkje styraren sjå var mogleg. Utruleg nok overlevde han, men hadde nå også mista hørsla på det eine øret og delar av balanseevna.

Trass i at det korkje på middelskulen eller i gymnaset fanst lærebøker i punktskrift (blindeksrift), fullførte han på normaltid. I munnlege fag tok klassekameratar på seg å lese gjennom den daglege leksa for han. Andre hjelpte med å skrive av delar av pensum i språkfaga. Mykje måtte baserast på kva medelevane kalla den gode «huskestua» hans. Gode hjelparar gav han i denne tida rimeleg opphald mot at han hogg og bar inn all veden som husverten trengte. Økonomisk grunnlag elles fekk han ved å låne frå blindeforbundet og familie. Det var likevel ikkje nok til at han kunne reise heim i gravferda til mor si, noko han alltid var lei seg for, då han hadde et nært tilhøve til henne. Studiet ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo fullførte han også på normaltid. Heller ikkje her fanst lærebøker i punktskrift. Sjølv Bibelens grunntekster måtte han få frå utlandet, Det gamle testamentehebraisk frå Tyskland og Det nye testamentegresk frå England. Snille medstudentar leste notata sine frå førelesingane for han, slik at han kunne skrive dei i punktskrift og bruke dei ved sida av eigne nedteikningar.

Då han hadde fått ordinasjonsløyve og biskop Lunde undersøkte om Asak kyrkjelyd kunne ha ein blind prest i vikariatet som var ledig der, svara dei at han fyrst måtte komme og halde «prøvegudstjeneste». Det gjekk bra, og han blei akseptert. Dei vart så nøgde med han at då den faste stillinga blei utlyst, innstilte dei Bråtveit som nummer éin. Dessutan arrangerte kyrkjelyden ein aksjon for å vise at dette var eit allment ønskje. Den resulterte i meir enn 1600 underskrifter, og Bråtveit fekk stillinga.

Som hushaldar og medhjelpar i arbeidet fekk han tanta si, Kari Vetrhus, ei pensjonert lærarinne. Ho gjorde ein framifrå innsats gjennom sju år. Vetrhus førte kyrkjebøker og følgde der han trong det. Då den yngste søstera hans og mannen hennar døydde frå fire gutar, tok han til seg dei to eldste og fostra dei i ni år til dei var ferdige med gymnaset. Han gifta seg i 1935 med lærarinna Nora Øberg. Saman utgjorde dei eit par som stadig var på farten, ikkje minst i sjukebesøk og foreiningsliv. Då kyrkjelyden ikkje hadde noko lokale utanom kyrkja, kom prestegarden til å fungere som forsamlingshus.

Erik Bråtveit hadde mange positive personlege eigenskapar. Saman med ei lys kristendomsforkynning og ei livsrøynsle som gav djupn til å kunne setje seg inn andre menneske sin situasjon, gjorde det at han fekk god inngang hjå alle. Folk heldt av han. Då han ville søkje avskjed ved nådd aldersgrense, ba kyrkjelyden og biskopen han om å forsette til han blei 70 år. Men det øret han høyrde på hadde også begynte å svikte, så han bestemte seg for å gå av.

  • Inger-Nora Bråtveit Holm: Min fars øyne. Licentia forlag 2008.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.