Enevald er eit toledda mannsnamn som er innlånt frå svensk, eventuelt dansk, på 1400-talet: Ene-vald. Forleddet tyder ‘aleine, eineståande’ og etterleddet ‘herskar’.

Namnet har fleire variantar: Enevald, Enevold.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Enevald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Enevald på 1800-talet.

Enevald var eit spesielt namn for Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Enevald på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Enevald var eit spesielt namn for Rogaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Eneval.)

Historisk bruk av namnet Enevald
Historisk bruk av namnet Enevald
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg