Artikkelstart
Eigil Lehmann var prest, språkmann, høgnorskdyrkar og ordbokforfattar. Han gav ut ordbøker både for Det nye testamentet, for islandsk og for færøysk.
Eigil Lehmann var prest, språkmann, høgnorskdyrkar og ordbokforfattar. Han gav ut ordbøker både for Det nye testamentet, for islandsk og for færøysk.
Eigil Lehmann var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han vart cand.theol. i 1929, var hjelpeprest i Modum i 1930–1937, prest i Skjold i Rogaland i 1937–1958, residerande kapellan i Birkeland prestegjeld i Fana til 1971 og sokneprest i Nordås i Fana til 1976.
Lehmann var språkkunnig. Han gav ut Ordbok for Det nye testamentet i 1955 og i 1988 den utvida utgåva Ordbok for Det nye testamentet – nynorsk med tilvising til gresk grunntekst. Saman med Þorsteinn Þ. Víglundsson gav han i 1967 ut Islendsk-norsk ordbok, og i 1987 gav han ut, med Jóhan Hendrik Winther Poulsen som rådgivar, Færøysk-norsk ordbok. Han skreiv òg ein parlør for islandsk, Norsk–islandsk samtalebok. Dei siste åra arbeidde han med ei hebraisk-norsk ordbok for Det gamle testamentet, men rakk ikkje fullføre arbeidet.
Han gav ut preikesamlinga I eit anna ljos i 1977 og skreiv fire diktsamlingar: Vilja de lyda (1967), Lilja i dal (1981), Atturljom (1983) og Ettirrakstur (1990). Saman med Jarle Bondevik redigerte han i 2007 som 100-åring Dikt i utval.
Lehmann var talsmann for høgnorsk og var heidersmedlem i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag. I 1965 var han med og skipa Ivar Aasen-sambandet. Han var med i det første styret og var seinare formann i mange år. Han hadde òg verv i Norsk Måldyrkingslag og i Norsk Bokreidingslag. I 1938 skreiv han Rette det som rengt er – eit ord til dei som hev Noregs mål kjært og i 1990 Reise det som velt er – um norrøn målbygnad og målbunad.
For arbeidet sitt med islandsk språk vart han i 1974 utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen, Hin íslenska fálkaorða, den høgaste islandske ordenen.
Kommentarer (1)
skrev Jon Grepstad
Det er uheldig at redaksjonen skrellar bort kjelder i kjeldelista i den opphavlege artikkelen utan å ha innsikt i kjeldene.
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.