Edit er eit kvinnenamn med opphav i gammalengelsk Ead-gyth. Forleddet tyder ‘rikdom’ og etterleddet ‘strid’.

Edit er oppbygd av dei same ledda som det nylaga norske kvinnenamnet Audgunn.

Namnet har fleire variantar: Edit, Edith.

Namnedag er 31. oktober. Edna har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 203 kvinner i Noreg som hadde Edit som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Edit frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Edit frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Edit på 1800-talet.

Edit var mest brukt i Kristiania og Bergen..

Geografisk variasjon i bruk av namnet Edit på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Edit var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Edith.)

Historisk bruk av namnet Edit
Historisk bruk av namnet Edit
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg