Edith er eit engelsk kvinnenamn som kjem av gammalengelsk Ead-gyth. Forleddet tyder ‘rikdom’ og etterleddet ‘strid’.

Edith er oppbygd av dei same ledda som det nylaga norske kvinnenamnet Audgunn.

Namnet har fleire variantar: Edit, Edith.

Personar med namnet Edith

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i England 1841: Edith Lillingstone, busett i Fana i 1865. Det er ikkje uventa at den fyrste med det engelske namnet Edith i Noreg var fødd i England.

Kjende personar med namnet Edith

Eit utval personar med namnet Edith, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 785 kvinner i Noreg som hadde Edith som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 14 jenter som fekk namnet Edith.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste engelske kvinnenamna (inklusive namna på -y) var mest populære i perioden 1915–1929. Dette gjeld også Edith som var på topp 1920–1924.

Utvikling i bruk av namnet Edith frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Edith frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg