Faktaboks

Etymologi
av ‘brim, bølgeslag mot land’ og ‘nes’
Innbyggjartal
1042 (SSB, 2023)
Landareal
1,5 km²
Tettstadsnummer
6352 Bremsnes

Bremsnes er ein tettstad i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,5 km², og har 1042 innbyggjarar (2023).

Bremsnes ligg på den nordaustlege delen av Averøya om lag fem kilometer vest for Kristiansund. Rundt tre kilometer nordaust for tettstaden fører Atlanterhavstunnelen austover, under munningen av Bremsnesfjorden, til Kristiansund sentrum (5,7 kilometer); erstattar den tidlegare ferja Bremsnes–Kristiansund.

Ved Bremsnes kyrkje og gard ligg fjellet Bremsneshatten (130 meter over havet) med fjellholer, den mest kjende er Bremsneshola; 70 meter lang og 25 meter høg.

Bremsnes kyrkje frå 1770 er omgitt av vakre lauvtre (bøk, lerk, kastanje, eik) innført frå Skottland og planta omkring 1790 av eigaren av storgarden Bremsnes. Kyrkjegarden på Bremnes var tidlegare òg gravstad for innbyggjarane på Grip sidan det her ikkje var tilstrekkeleg med jord til ein gravplass.

Kart

Bremsnes
Bremsnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg