Boknakaran

Boknakaran. Frå venstre: Jan Arvid Johansen, Ragnar Olsen og Pål Thorsteinsen.
Av .

Artikkelstart

Boknakaran er ei nordnorsk visegruppe med visesongarar som er busette i Tromsø. Namnet reflekterer den nordnorske fiskedelikatessa «boknafesk», det vil seie lett tørka torsk.

Boknakaran blei starta i Tromsø i 1992 av dei fire visesongarane Jan Arvid Johansen, Ragnar Olsen, Malvin Skulbru og Pål Thorsteinsen. Dei opphavlege medlemene i Boknakaran var del av den nordnorske visebølgja frå 1970-åra og utetter. Ein av dei, Jan Arvid Johansen, var med i Nordnorsk Visegruppe, som blei skipa i 1975. I 2008 gjekk Malvin Skulbru ut av Boknakaran. Gruppa samarbeider jamleg med felespelaren Julie Alapnes Normann. Gruppa har gitt ut seks album, det nyaste i 2011, med tittelen Kortreist Musikk.

Gruppa representerer nordnorsk vise- og folkemusikktradisjon. Tekstane syner stor spennvidde, frå natur- og folkelivsskildringar til humor og politisk satire. Sjølv om den nordnorske forankringa er tydeleg i tekstane, er innhaldet òg allment. Det same gjeld det musikalske. Jan Arvid Johansen har tonesett fleire av dikta til Senja-diktaren Helge Stangnes, mellom anna diktet Hortensia, som er den mest kjende av visene til Boknakaran.

Dei har gjennomført ei rekkje turnear over heile Nord-Noreg, og har òg hatt konsertar i Sør-Noreg og i utlandet, mellom anna i nabolanda Sverige og Danmark, og i England, Italia og Russland.

Boknakaran blei tildelt LOs kunstnarpris i 2000.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Berntsen, J., red. (1995): Sanga i søkk og kav. Nordnorske viser. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Drivenes, E.-A., Hauan, M. A. & Wold, H. A., red. (1994): Nordnorsk kulturhistorie, bd. 2: Det mangfoldige folket. Oslo: Gyldendal

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg