Faktaboks

Malvin Skulbru
Fødd
26. september 1942, Skulbru i Vestvågøy, Nordland

Malvin Skulbru er ein nordnorsk musikar og forfattar. Han er medlem av visegruppa Boknakaran frå Tromsø.

Malvin Skulbru vaks opp på Skulbru i Vestvågøy i Lofoten. Han debuterte som dansebandmusikar i 1959. Etter folkeskulen reiste han i fleire år til sjøs. I 1970-åra byrja han å lage eigne visetekstar og melodiar, og han fekk gjennombrotet som visesongar på visefestivalane Draugen og Troilltampen i 1977. Frå om lag 1980 arbeidde han som profesjonell visesongar. Den første plata kom i 1982, Ikkje så mykje, men litt a kvert. Visene hans markerte nordnorsk visekunst, og han var ein del av den nordnorske visebølgja. Tittelen på den første viseboka, Viser fra en utkant, frå 1978, ber tydeleg bod om det.

Skulbru har gitt ut diktsamlingar og romanar. Den første diktsamlinga var Grå tanker og grunne spirer frå 1984. Seinare har det kome fleire, mellom anna I kamelens øye i 2000 og Malvin si bok i 2002. Han debuterte som romanforfattar med ungdomsromanen Første sesong i 1990. I 2008 kom romanen Ene, ei miljøskildring frå ei nordnorsk kystbygd.

I 1992 var han med og starta visegruppa Boknakaran i Tromsø. Gruppa spelar berre eigenkomponert musikk og har gitt ut ei rekkje plater. Malvin Skulbru er også biletkunstnar og har arbeidd mest med pastell og akryl. Han har hatt fleire separatutstillingar. Skulbru blei tildelt Torsken kommunes kulturpris i 1983 og Blix-prisen i 2002.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Lofotboka. Værøy 1984
  • Malvin Skulbru: Malvin si bok. Et utvalg av Malvin Skulbrus tekster, musikk og billedkunst. Stamsund 2002

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg