Faktaboks

Birger Magnus
Fødd
8. april 1955, Bergen
Birger Magnus
Av /NTB Scanpix.

Birger Magnus er ein norsk næringslivsleiar og profesjonell styreleiar, men først og fremst kjend som medieleiar. Han er frå 2014 styreleiar i Norsk rikskringkasting (NRK).

Utdanning og tidleg karriere

Birger Magnus er utdanna sivilingeniør frå NTH i 1980. Magnus har også mastergrad frå det franske leiarakademiet Insead.

Han var i åra 1980–1982 systemkonsulent i Honeywell Bull og i 1982–1984 dagleg leiar av Magnus Data. Frå 1985 til 1996 var han partnar i konsulentselskapet McKinsey & Company.

Schibsted

Som leiar i Schibsted-konsernet gjennom tretten år (1996–2009) spelte Magnus ei sentral rolle då det tradisjonsrike avisselskapet gjekk inn i ein sterk vekst- og utviklingsperiode og knytt til seg ei rekkje store aviser både i Noreg og Sverige. Frå 2006 leidde han mellom anna prosjektstyret i Media Norge. Etableringa av Media Norge førte til at Aftenposten gjekk saman med Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen i eit nytt mediekonsern som også inkluderte annonsenettstaden Finn.no. Etter få år, i 2012, blei Media Norge fusjonert med Schibsted ASA.

I desse åra var Birger Magnus konserndirektør og stadfortredande konsernsjef i Schibsted. Frå denne strategiske posisjonen var han styreleiar mellom anna i Media Norge, i Aftenposten, VG, Svenska Dagbladet og Aftonbladet.

I desse posisjonane viste Birger Magnus seg som ein effektiv og visjonær mediestrateg. Med den nye digitale satsinga som etter kvart prega også heile avisbransjen, var det ein styrke for Magnus at han sjølv hadde bakgrunn frå databransjen.

Då stillinga som konsernsjef i Schibsted ASA blei ledig i 2009, var det fleire næringslivskommentatorar som peika ut Birger Magnus som kandidat til å overta jobben. I ettertid har han ope medgitt at han var skuffa over ikkje å nå opp, og at det var naturleg å forlata konsernet.

Andre styreleiarverv

Etter at Magnus forlét Schibsted, har han teke på seg fleire sentrale styreleiarverv, mellom anna i Storebrand ASA i åra 2009–2017, i Hafslund ASA frå 2010 til 2017, i Statoil Fuel & Retail ASA frå 2010 til 2012, og frå 2019 i Norsk klimastiftelse.

Han var dessutan styremedlem i Aschehoug Forlag i 2010–2016 og i SAS i 2013–2016. Han er frå 2012 styreleiar i organisasjonen Aktiv Mot Kreft, frå 2013 styremedlem i Harvard Business Publishing, og styremedlem i Kristian Gerhard Jebsen Group.

I mediesamanheng veg det likevel tyngre at Birger Magnus i 2014 blei vald til styreleiar i NRK.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg