Berta er eit kvinnenamn som kan forklarast på fleire måtar: 1. Kortform av namn på -berta, til dømes Alberta. 2. Norsk form av Birgitta. 3. Tysk kortform av namn på Bert- som tyder ‘lysande’.

Namnet har fleire variantar: Berta, Berte, Bertha, Berthe.

Namnedag er 31. august. Berte har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Berta

Eksempel på ein person med namnet Berta som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1300 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Berta som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Berta og Bertha slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Berta – og Bertha – er blant dei tostava namna på -a som nådde toppen rundt år 1900. Andre døme er Arna, Berta, Erna, Gerda, Magda, Olga og Ragna. I motsetning til for eksempel Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara fekk ikkje namna i den fyrste gruppa ein ny topp på 2000-talet. Dette kan mellom anna ha samanheng med at dei har ein meir komplisert konsonantstruktur i innlyd. – jamfør [rt] i Berta mot [r] i Klara. Sidan år 1900 har stavemåten Bertha vore brukt nesten dobbelt så mykje som Berta.

Utvikling i bruk av namnet Berta frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Berta frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Berta på 1800-talet.

Berta var – til liks med Berte – mest brukt i Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Berta på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Berta var – til liks med Berte – mest brukt i Rogaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Bertha.)

Historisk bruk av namnet Berta
Historisk bruk av namnet Berta
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg