Berte

Artikkelstart

Berte er eit kvinnenamn som er e-form av Berta.

Ordet berte er i dag brukt i noko nedsetjande tyding (‘framfusande kvinnfolk’), og dermed har nok namnet mindre sjansar på dagens namnemarknad.

Namnet har fleire variantar: Berte, Bertha, Berthe, Berta.

Namnedag er 31. august. Berta har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Berte

Kulturell bruk

  • Berte er ein sentral person i barnebøker (1958–1978) av Kirsten Langbo.

Kjende personar med namnet Berte

Eksempel på ein person med namnet Berte som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 430 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Berte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg