Bersvend er eit mannsnamn. Det er ein variant av Bergsvein som går tilbake til det norrøne Berg-sveinn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘berging’ og etterleddet ‘svein’ (ung mann).

Namnet har særleg vore brukt i Midt-Noreg og Indre Troms (som følgje av innvandring frå Midt-Noreg). I variantane Bersvein, Bersvend og Bersven har [g] falle bort. Dermed unngår ein fire konsonantar er kvarandre: [rgsv] til [rsv].

Namnet har fleire variantar: Bergsvein, Bersvein, Bersvend.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Bersvend som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bersvend på 1800-talet.

Bersvend var mest brukt i Sør-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bersvend på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bersvend var mest brukt i Sør-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Bersven.)

Historisk bruk av namnet Bersvend
Historisk bruk av namnet Bersvend
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg