Bersvein

Artikkelstart

Bersvein er eit mannsnamn. Det er ein variant av Bergsvein som går tilbake til det norrøne Berg-sveinn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘berging’ og etterleddet ‘svein’ (ung mann).

Namnet har særleg vore brukt i Midt-Noreg og Indre Troms (som følgje av innvandring frå Midt-Noreg).

Namnet har fleire variantar: Bersvend, Bergsvein, Bersvein.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Bersvein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg