Are Frode Søholt

Are Frode Søholt
Av /Tiden Norsk Forlag.

Artikkelstart

Are Frode Søholt var ein norsk songar, kulturadministrator og forfattar. Han sette preg på kulturlivet i Nordfjord gjennom tilskipinga av Gloppen musikkfest.

Han fullførte hovudfag i song ved Griegakademiet i Bergen i 2004. Som songar hadde Søholt ei rekkje solistoppdrag i regi av Bodø Musikkteater og Opera Nordfjord i tillegg til ulike kyrkjemusikalske oppsetjingar. Frå 2004 var han medlem av Det Norske Solistkor.

I 2003 tok Søholt initiativet til, og vart festivalsjef for, Gloppen Musikkfest, som i hovudsak omfattar klassisk musikk, men òg forfattarkveldar og andre arrangement. Festivalen har lukkast i å inkludere lokale medverkande, og har samstundes henta ei rekkje internasjonalt anerkjende utøvarar til regionen. Søholt var festivalsjef fram til 2010.

Søholt hadde ei brei verksemd som kulturadministrator. Frå 1999 til 2000 var han rektor ved Gloppen kommunale musikkskule. Han var produksjonsleiar for Tromsø Symfoniorkester (2003–2005), plan- og engasjementskonsulent for Den Norske Opera (2005–2007), prosjektkoordinator for Grieg 07 (2006–2007) og for Norcode (2008–2009). Han var dagleg leiar for Norsk Barokkorkester (2007–2008), og arbeidde til 2012 som som dagleg leiar for kulturhuset Trivselshagen på Sandane.

Søholt var òg forfattar. I 2010 kom diktsamlinga ho står i rommet mitt og brenn. Søholt fekk også publisert ei rekkje andre dikt, artiklar og kortprosa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg