Andrine er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Andreas. Andrine kan også vere kortform av Aleksandrine.

Namnet har fleire variantar: Andrina, Andrine.

Namnedag er 3. juli. André, Andrea og Andrea har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Andrine

Kulturell bruk

  • Andrine er hovudperson i ein romanserie (1929–1955) av Gisken Wildenvey, f.eks. i «Andrine og Kjell» (1934).

Kjende personar med namnet Andrine

Eit utval personar med namnet Andrine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 726 kvinner i Noreg som hadde Andrine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 jenter som fekk namnet Andrine.

Utvikling i bruk av namnet

På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, til dømes Oline etter Ole og Andrine etter Andreas. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet, og når nokre få av dei mange namna på -ine frå 1800-talet har vorte populære att rundt år 2000, kan ikkje dette sjåast på som ei oppatt-taking av den gamle skikken med oppkalling etter mannlege slektningar.

Utvikling i bruk av namnet Andrine frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Andrine frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Andrine på 1800-talet.

Andrine var mest brukt i Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Andrine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Andrine var mest brukt i Vestfold.

Historisk bruk av namnet Andrine
Historisk bruk av namnet Andrine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg