Artikkelstart
Andreas Bjørkum var ein norsk dialektforskar. Han forska i indresognsmål og dølemål og skreiv om språket til Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge.
Andreas Bjørkum var fødd i Årdal. Han tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1953, vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1962 og dr.philos. i 1974 på avhandlinga Generasjonsskilnad i indresognsmål.
Frå 1973 til 1983 var Bjørkum dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, deretter dosent og professor i målføregransking ved Norsk målførearkiv til han gjekk av for aldersgrensa i 2002. Han forska særleg i indresognsmål og dølemål, skreiv mykje for å spreie kunnskap om dialektane våre og interesserte seg for bruken av målføretilfang hos nynorske forfattarar. Mellom anna skreiv han om språket til Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Inge Krokann og lærdalsdiktaren Kari Bakke. Saman med Jarle Bondevik gav han i 1979 ut boka Dikting og diktarar frå Sogn.
Bjørkum var medlem i Norsk språkråd i perioden 1980–1992, oppnemnd av Noregs Mållag, sat i fagnemnda i rådet og var med i utvalet som i 1983 drøfta ordtilfanget i nynorsk. Han var styremedlem i Venner av Det Norske Teatret og i Riksfondet for nynorsk presse.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.