Agdar er eit mannsnamn som er avleidd av kvinnenamnet Agda.

Namnet har fleire variantar: Agdar, Agder.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Agdar Jørgensen fødd 1896 i Bø i Vesterålen (Nordland). Både Agdar og varianten Agder vart fyrst tatt i bruk i Bø i Vesterålen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Agdar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg