Snyltefluger er ein familie av insekt i ordenen tovenger. Det er kjend om lag 10 000 artar på verdsbasis, kor rundt 880 førekjem i Europa og 230 er funne i Noreg.

Faktaboks

Også kjend som
parasittfluer
Vitskapeleg namn
Tachinidae

Beskrivelse

Snyltefluer er små til store fluger (2-20 mm), dei fleste med mange lange, stive hår og børster. Mange av artane er grå til svarte, stundom med gule eller raude flekkar på sidene; somme er metallisk grøne eller gulgrå. Det viktigaste kjenneteiknet for å skilje dei frå andre fluger er det kraftig oppsvulma subscutellum, altså ei sterk konveksitet rett nedanfor den bakre ryggplata på mellomkroppen.

Levevis

Snyltefluger flyg om dagen, og mange vitjar blomar, då dei lever av plantesaft. Hannar samlar seg ofte på bakketoppar i svermar som tiltrekk seg og kurtiserar hoer.

Larvene lever som parasittoidar i andre insektlarver, særleg i sommarfugllarver men nokre artar har spesialisert seg på ulike artar biller, teger eller tovenger. Dei fleste snylteflugene legg egg, men nokre legg levande larver. Egga eller larvene blir som regel lagte i eller på verten kor snyltefluga utviklar seg gjennom fleire larvestadium. Nokre artar legg egga på blad og klekker først når ei sommarfugllarve har ete bladet som egga ligg på. I alle tilfelle døyr verten når larvene borar seg ut før forpuppinga.

Økonomisk verdi

For menneske reknar ein snyltefluger generelt som nyttedyr, då dei drep mange insekt som blir sett på som skadedyr. Dei vert nytta ein del i biologisk kontroll, men ein må vera varsam sidan nokre artar snyltefluger som snylter på nytteinsekt kan vera særs snarlike artane som snylter på skadedyr.

Nokre snyltefluger kan vera effektive pollinatorar.

Utbreiing

Snyltefluer førekjem i alle verdsdelar utanom Antarktis, og er mest artsrike i tropane.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

snyltefluer
Tachinidae
Artsdatabanken-ID
26871
GBIF-ID
6918

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg